Målet med denne nettstaden er å samla historia om forretnings-verksemda innan Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag
Lagsbruk er eit begrep som er brukt i miljøa i og omkring Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag – også kalla norskdomsrørsla – og betyr eit forretningstiltak som er eigd og/eller driven av eit lag/ein organisasjon. «Kaffistova» og «Bondeheimen» er dei mest kjende namna som blei brukt på slike forretningstiltak. Den første Kaffistova blei etablert av Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) i 1901.
«Man tager og man tager, men man sier ikke hvor man tager det fra». Slik harselerte Arne Garborg i si tid med kokeboka til Hanna Winsnes. Noko liknande kan ein tenkja om arbeidet i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag i første delen av historia. Det har vore skrive mykje om alt det store som er utført av desse to folkerørslene, men lite om kor dei fekk pengane frå.
Etableringane hadde tre hovudføremål:
|
I tillegg, så ser ein nok også at det har vore ein del av ei generell, sosial reising i dette arbeidet - at bønder og andre ubemidla bygdefolk på bytur skulle få bu på verdig vis og dermed få den status dei fortente.
Les meir om dette her: http://www.lagsbruk.no/opphavet.htm
Frå NOU 1976: 37
Noregs Ungdomslag (NU) har vore den største «husbyggar-rørsla» i landet – ved sida av bede- og misjonshusa. Men NU-husa har i langt større grad hatt preg av å vera opne, allmennkulturelle samlingsplassar omkring i bygdene. Med smått og stort, har det vore reist omlag 1000 slike lokale kulturhus omkring i landet sidan 1890-talet. Ofte var ungdomshuset den einaste samlingsplassen i bygda utanom kyrkjene. Meir enn 100 år etter er ennå to–tre hundre av desse i funksjon – enkelte av dei til og med som det einaste kulturhuset i bygda eller kommunen.
Mållaget i Kristiansand og BUL Kristiansand eig denne sentrale bygarden saman i 2013
Lagsbruket var «Ungdomshuset i byen» – bare med den tilleggsfunksjonen at marknadssituasjonen gjorde det muleg å tena pengar der. Det er gjennom tidene skrive mykje godt sogestoff om det kulturelle arbeidet i dei store folkerørslene. Men det er få som har reflektert over kvar dei skaffa midlar til arbeidet sitt frå – i ei tid lenge før det var tale om offentleg stønad til slik verksemd. Dette trur me kan utviklast til å bli eit av dei mest interessante hovudperspektiva for denne soga. Men som grunnlag må me først samla ein solid kunnskap om den verksemda som faktisk har vore der, og den som ennå finst.
Denne sida er etablert i september 2013 og vil vera under kontinuerleg utvikling. Når me har valt å legga arbeidet ope for alle, så er det i håp om å skapa interesse og engasjement for arbeidet og få tilbakemeldingar og supplerande opplysningar. Dei fleste tema vil vera ufullstendig behandla i lang tid framover. Me legg her ut den kunnskapen og dei kjeldene me kjenner, og ev. noterer litt om tema/utfordringar som det må arbeidast vidare med.
Stort og vekslande kjeldemateriale
Dess meir ein arbeider med stoffet, dess meir komplekst og interessant blir det. Her er mange deltema som skulle vore grundigare behandla. Håpet er at stoffet og kjeldetilvisingane som etter kvart vil ligga føre her, kan skapa interesse hos studentar og andre forskarar på jakt etter oppgåvetema, og at kunnskapen kan supplerast i åra som kjem.
Nils Seland
Prosjektarbeidar
Tel.: 9066 6867
Epost: post@lagsbruk.no
NB: Det kan stadig bli gjort større og mindre endringar i desse sidene. For å vera sikker på at du får med dei siste endringane som er gjort, så "last inn sida på nytt" / "Reload" i nettlesaren din før du les.