Lagsbruk

Felles marknadsføring for lagsbruka

 

Etter lanseringa av solfuglmerket på 1920-talet, er truleg denne annonsen i Norsk Tidend frå 1956 det første forsøket på ei felles marknadsføring for lagsbruka. Dette er eit resultat av Lagsbruksnemnda sitt arbeid.

Plakaten her er frå først på 1960-talet

 

 

 

 

***************

«Kaffistova 2000»

Dette var ein relativt storstilt reklamekampanje – initiert og organisert av Norske Lagsbruk. Reklamebyrået Bates Basic ved medarbeidarane Tore Lie og Tor Alf Elverum var engasjert som fagressurs.

 

Eksempel på materiell

 

REISELIVETS "OSKAR" TIL KAFFISTOVA

Den internasjonale organisasjonen for reiselivsmarkedsføring, HSMAI (Hospitality Sales & Marketing Association International), avvikla 10. januar 2000 sin "Oskar"-fest på Oslo Plaza Hotell.

Profileringskampanjen til dei 8 kaffistovene i vår organisasjon var påmeld til konkurransen i kategorien Rikskampanjar.

Resultatet blei det mest prestisjefylte som kunne tenkast for vår del. Kaffistovekampanjen fekk tildelt ekstraprisen som

ÅRETS NYTENKER
Juryen – med reklameguruen Ingebrigt Steen Jensen i spissen, uttaler dette under utdelinga:

«Dette er en kategori som man kanskje skulle tro ville bli vunnet av noen med mange dotter og com ér i navnet. Det gjør den ikkje. Snarere tvert i mot - fordi prisen vinnes av en meget hederskront, tradisjonsrik bedrift som har evnet å snu et tilsynelatende sidrompa utgangspunkt til noe som er vågalt, gøyalt og vel verdt en brakende applaus – som går til Kaffistova!»

Frå prisoverrekkinga på Oslo Plaza

Frå venstre:
Alf Fredheim, direktør for LL Lagsbruka, Oslo. Ingebrigt Steen Jensen, Nils Seland. Tor Alf Elverum og Tore Lie (Bates)

 

 

 

Pressearbeid Kaffistovekampanjen

 

Kampanjeperioden (før prisen) 

  1. Pressemelding frå Nynorsk Pressekontor             (til alle bedriftene)
  2. Annonsar i Dag og Tid
  3. Aftenposten har klipp frå ein annonse i Dag og Tid
  4. Harstad Tidende. (2 sider med fargebilde)
  5. Helgeland Arbeiderblad, Mosjøen (1 heil side med fargebilde)
  6. NRK P2
  7. NRK (Bergen)

 

Etter prisen:

  1. Pressemelding med bilde sendt elektronisk 12/1-01
  2. Kampanje (2 sider i februarnummeret)
  3. HSMAI-magasinet. (Stoff i februarnummeret)
  4. Folket (pressemelding)
  5. Agder (pressemelding)
  6. FIRMA (fargeoppslag)
  7. HORECA Storkjøkken
  8. Hotell, Restaurant og Reiseliv.
  9. RBL
  10. Vårt Land
  11. Boarding
  12. Bergens Tidende
  13. Bergen Arbeiderblad
  14. Varden
  15. Telemark Arbeiderblad
  16. NRK kulturnytt
  17. NRK kulturbeitet
  18. Dagbladet
  19. VG

 

 

Vidare arbeid:

 

Tilbake til hovudsida