Kaffistova, Leknes
Svein Kongsjord fortel i mai 2018 at han og Lars Valberg tok initiativet til å starta denne verksemda i 1962.
Kaféen blei etablert i ein sentral forretningsgard i Storgt. i desember 1962 med Nordland ungdomsfylking - fylkeslag i Noregs Ungdomslag som hovudeigar. Svein var første styreleiar.
Kaffistova fekk ikkje eit langt liv, men pr. juli 2018 har me ikkje fått klarlagt når den blei lagt ned. Har du meir informasjon om denne verksemda, så er me glade for å få veta om det.
Meir informasjon på Arkivportalen.no
To foto publisert av Kjell Mørk på Facebook-sida:
"Gamle Leknes bilder, Fra Veikryss Til By". Kaffistova er nr. 4 på bildet over.