Lagsbruk

Økonomi lokalt. Etablering og drift

«Sterk som rørsle - svak som organisasjon»

Dette er ein karakteristikk av Noregs Ungdomslag som blei lansert frå ein utsending på årsmøtet ein gong på 1970-talet. Utsegna fortel mykje om arbeidsvilkåra i organisasjonen. Framveksten av lagbruksrørsla var aldri initiert frå sentralt hald i rørsla. Sterke personar i lokallaga gjekk føre – sikra seg gjerne sentrale eigedomar for eigen risiko og tok så saka opp med laget etterpå.

I tida frå den første kaffistova kom til i 1901 og fram til omlag 1920 må dei økonomiske rammevilkåra ha vore gode for å tena pengar på slik verksemd. Det hadde mellom anna mykje å gjera med nivået for lønningar og råvareprisar. Dermed spreidde det seg fort mellom laga at her var det råd for fleire å skaffa seg husrom – og inntekter attpå. I 1914 kan me lesa om stor optimisme. Til og med i driftsåret 1913 – då «Bøndernes hus» i Oslo blei opna – ga forretningane 7% overskot:

 

Noregs Ungdomslag sentralt makta aldri sjølv å få etablert eit eige lagsbruk i form av hotelll eller kafé. Så seint som på 1960-talet gjkk landslaget ut med innbyding til å teikna aksjar. Resultatet bli ein mindretals aksjepost på kr. 10 000 i Viking Kaffistove AS i Volda. Dette blei eit kortvarig forhold.

Då var det godt at - iallfall enkelte lag hadde rørsla i tanke med sin «nyrikdom» (1914):

 

 

På 1920-talet kom det økonomiske nedgangstider – og mange bruk fekk store problem. Hordaland Ungdomslag, som hadde tent gode pengar på Herbyrgedrift i Bergen frå 1913 hadde då nyleg etablert hotell både i Bergen, på Voss og på Stord. I 1923 blir fylkeslaget slått konkurs og verksemdene truleg tvangsavvikla. I desember 1924 blei det skipa nytt fylkeslag; Hordaland Ungdomssamlag.

Over heile landet gjekk medlemmene inn med rause gåver og aksjekjøp under etableringane, men dei aller fleste ga verdiane tilbake til selskapet – for pålydande eller vederlagsfritt, som her frå Sunnmøringen i Oslo:

 

 

 

 

 

Sida er sist oppdatert: 10.10.2013

Tilbake til hovudsida