Lagsbruk

Lagsbruksskatten og økonomien sentralt

Det er gjennom tidene skrive mykje godt sogestoff om det kulturelle arbeidet i dei store folkerørslene. Men det er få som har reflektert over kvar dei skaffa midlar til arbeidet sitt - i ei tid lenge før det var tale om offentleg stønad til slikt arbeid. Denne grafen frå årsmeldinga til Noregs Ungdomslag i 1920 syner kor mykje innføringa av "Lagsbruksskatten" hadde å sei for landslaga. Kr. 48 000 i 1920 tilsvarer ein sum på kr. 836 000 i 2013.

Etablering av lagsbruk spreidde seg fort etter at den første Kaffistova blei etablert i Oslo i 1901, og rammevilkåra var slik at dei tente godt med pengar. Landslaga, Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag fekk aldri etablert eigne lagsbruk, men fekk på årsmøte i 1915 fleirtal for eit framlegg om å pålegga lagsbruka ei avgift til landslaga.

Edvard Os skriv april 1917: "I samhøve med vedtak på årsmøtet på Steinkjer 5. juli 1915 sende styret 2. oktober same aaret eit rundskriv til alle lag med lagsbruk med uppmoding om aa gjeva ein fast prosent av den aarlege reinvinningi til arbeidet aat Norigs maallag. Uppmodingi har til no frukta lite."

Det blei altså mykje ståk omkring innføringa av denne "skatten" til landslaga. Grafen ovanfor syner at det nok likevel gjekk seg til etter kvart - iallfall til ein viss grad.

 

Dette er eit stort kapittel i lagsbrukssoga som det må arbeidast grundig med. Det finst eit solid arkiv på kven som betalte og kven som ikkje betalte. Dette seier mykje om samhald (og mangel på samhald) i organisasjonen.

 

Så seint som i 1952 utgjorde Lagsbruksavgifta heile 55% av Noregs Mållag sitt driftsgrunnlag.

(Kaffistoveutstillinga Nynorsk kultursentrum 2001)

 

Vedtektene om Lagsbruksavgifta pr. 2007:

Statlege støtteordningar til landsorganisasjonar

Me ser ovanfor at - for Noregs mållag sin del, så utgjorde medlemspengar, gåver og lagsbruksavgift heile 95% av inntektene til landslaget i 1952. Det gjekk ennå lenge før det kom statlege ordningar som var av noko storleik.

Vaksenopplæringslova blei vedteken av Stortinget i 1976 og blei sett i kraft frå 1. aug. 1977. Dette ga eit løft for statleg stønad til frivilleg kulturliv.

 

Sida er sist oppdatert: 10.10.2013

Tilbake til hovudsida