Lagsbruk

Lagsbruka under 2. verdskrigen

Løysingane var mange og kreativiteten var stor.
Temaet er verd eit eige kapittel
:

 

Holt ungdomslag i Aust-Agder kjende seg truga av den nazifiserte Bondeparti-fraksjonen omkring Holt Landbruksskole, og for å berga kassabeholdninga, blei det investert 5000 kroner i aksjar i Holt mølle og frørenseri.

Foto Jan Kløvstad 2019

Mållaget i Flekkefjord tente bra med pengar på Bondeheimsdrifta under krigen, og for at tyskarane ikkje skulle få kloa i dei, så blei det kjøpt inn ei hyttetomt ei mils veg utafor byen. Det blei så engasjert ein anleggsarbeidar til å bygga veg og arbeida opp tomta – alt i alt brukt ganske mykje pengar. Problemet oppsto etter frigjeringa i 1945. Då var Bondeimen og Kaffistova sterkt nedsliten, og bedrifta hadde ikkje pengar nok til nødvendig opprusting. Det blei dermed harde år etter krigen – så harde at laget måtte stilla på dugnad i oppvasken på Kaffistova av og til. Hytteplanane blei naturlegvis lagt bort for ei tid – og først omkring 1970 blei hytta reist. Mykje arbeid blei gjort på dugnad, og resten med ein lokal snekkar, som blei betalt av eit opparbeidd hyttefond på omlag 100 000 kroner.

Lagshytta Skogheim 2013. Foto Nils Seland

Bondeheimen i Farsund blei rekvirert av okkupasjonsmakta under krigen, og laget fekk eit relativt komplisert kamp om erstatning etterpå.
Komplett dokumentarkiv på Lista museum på Vanse:

  • Korrespondanse 1941-1961 - bl. a. Kontakt med Prisdirektoratet om verdi på aksjane og om oppgjeret etter at okkupasjonsmakta hadde tatt over bedrifta under 2. verdskrigen.


Sida er sist oppdatert:

Tilbake til hovudsida