Lagsbruk

Skjenkerettsspørsmålet

«Vertskap i Norge – norsk hotell- og restaurantvirksomhet gjennom tidene»:

 

Dette har vore ein «varm potet» gjennom heile lagsbrukssoga.

Det er nok slik at nasjonsbygginga – som Norskdomsrørsla var ein del av – også hadde i seg ein del moralske aspekt – særleg i Noregs Ungdomslag. Synet på skjenkesaka må ein då forstå ut frå det store misbruket av alkohol som rådde i landet på 1800-talet. Ungdomslagsarbeidet skulle vera byggande folkeoppsæding, og då kunne det ikkje tolast at ein samtidig tente pengar på sal av rusmidlar.

I Mosjøen sto fråhaldsarbeidet sterkt etter «Klondyke-tilstanden" som oppsto etter den store trelasteksporten – med påfølgjande høgt alkoholforbruk sist på 1800-talet. Etablering av Kaffistova var ei aktiv satsing i kampen mot drukkenskapen.

http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Øl-_og_vinhandel_i_Vefsn

Kor viktig skjenkerettspørsmålet eigentleg har vore for lønsemda i verksemdene har vore avhengig av «konseptet». For den som dreiv ei kaffistove/ein kafeteriapå dagtid, så har alkoholservering hatt lite å sei. Skal ein derimot driva selskapsservering eller ein à la carte-restaurant på kveldstid, er skjenkeløyve vanskeleg å koma utanom i dag. Det har vore tydeleg at fråver av skjenkeløyve i fleire høve har vore brukt av leiarane som ei orsaking for dårleg/ineffektiv drift.

Her er navn på nokre bruk der skjenkediskusjonen gjekk høgt. Ei vidare utdjuping av dette spørsmålet må venta til seinare. Det er der eigarlaget er medlem av Noregs Ungdomslag at desse prosessane har vore mest tilspissa.

  • Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund var eigar av Hotell Noreg. Her blei det ikkje akseptert at hotellet fekk skjenkeløyve for alkohol. Eigarlaget blei stilt i utsikt at dei kunne bli ekskludert frå Noregs Ungdomslag i 1954, men melde seg ut før dette kom opp til årsmøtebehandling. Seinare selde laget dette hotellet og melde seg etter kvart inn i NU att.
  • Hotell Fosna, Kristiansund. Søkte skjenkerett til nybygget etter 2. verdskrigen.
    (Eigarane var ikkje medlem av Noregs Ungdomslag – bare av Noregs Mållag. Derfor blei det ikkje eksklusjonssak her.)
  • Grand hotell, Steinkjer. (Eigarane selde seg ut)
  • Bondeheimen i Brønnøysund. (Eigarlaget, Sør-Helgeland Ungdomslag blei ekskludert)
  • Dølaheimen, Lillehammer – då dei kjøpte Breiseth Hotell på 1990-talet og bygde ut. (konkurs)
  • Bondeheimen, Mandal med konseptet «Gierts Karis kjeller».

Desse verksemdene, som er dei som i 2018  ser ut til å ha ryggrad til å leva vidare som lagsverksemder, har alle skjenkerett for alkohol i større eller mindre omfang.

  • Saga Hotell, Tromsø.
  • Finnsnes hotell
  • Bondeheimen i Oslo
  • Aftenposten 9. januar 1962:
     

Tilbake til hovudsida