Lagsbruk

Personar som har hatt mykje å sei for lagsbruksmiljøet

Marie Kviberg

Marie Kviberg (Marie Lovise) (19. februar 1874–august 1956), var lærar, målkvinne og initiativtakaren til den fyrste kaffistova.
Kviberg var fødd i Borge i Østfold som dotter av gardbrukar Hans Ludvig Larsen Kviberg (1849–1917) og Karen Pedersdatter Heia (1848–1929).. Som 11-åring flytte ho med familien til Kristiania og voks opp under tronge kår. Sist i 1890-åra kom ho med i norskdomsrørsla i hovudstaden. I oktober 1899 var ho med på skipinga av Bondeungdomslaget i Oslo. Margit Sletten (f. Bruun) vart kjend med Kviberg på skipingsmøtet i laget 15. oktober 1899 og skriv at: «i alle fall ein lagsmann, Marie Kviberg, tok det som si uppgåve at ingen i laget skulle kjenna seg framand og einsleg». Kviberg vart vald inn i den førebuande arbeidsnemnda på møtet, og ho sat òg i det fyrste lagsstyret (1899-1901). I 1901 heldt ho føredrag om "Kvendi og samfundsarbeidet" i Bondeungdomslaget.
Kviberg var den som kom med ideéen om at Bondeungdomslaget skulle byrja med kafédrift, og ho var ein av tre medlemer i det fyrste forretningsstyret for Kaffistova som opna i 1901. Den fyrste styraren for kaffistova var Anna Hansen, fødd Kviberg, som truleg var storesystera til Marie.

Utdrag frå: https://nn.wikipedia.org

 

Sjølve kaffistovebegrepet hadde nok vore i bruk som nemning om ein serveringsstad tidlegare.

 

Marie Kviberg, truleg fotografert kring 1900. Ukjend fotograf

 

 

https://nn.wikipedia.org/wiki/Marie_Kviberg

 

Edvard Os

Jan Kløvstad skriv om «Os-perioden (1913–1927)» i soga til Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM):

I Skien i 1913 blei det vedtatt å gi ut eit felles meldingsblad for ungdomslaga og mållaga, Bodstikka. Men det som fekk mest å seie var fullmakta til styret om å få eit felles kontor, Skrivarstova i Oslo. Arbeidsjarnet Edvard Os styrte kontoret, spedde på den låge løna med å halde fram som løytnant i Forsvaret og skreiv lærebøker både i bygging av ungdomshus, amatørteater, kjøkemeisterkunsten og sentrale retningsliner for dei fleste felt. Eit lag i Nordfjord skreiv til skrivarstova og spurte om råd til husbygging, og straks etterpå skreiv Edvard Os ei heil lærebok!  Oslo-årsmøtet 1914 var naturleg nok prega av det same som Åsta Holth skreiv om frå Finnskogen. 100-årsfeiringa for Eidsvoll og grunnlova stod sentralt, men årsmøtet var også klar over den trugande verdskrigen og følgde opp tidlegare forsvarsinteresse med å kreve betre militærløvingar. Noregs Ungdomslag fekk 1500 kroner frå Forsvarsdepartementet til å halde fram arbeidet med forsvarsforedrag i lokallaga, og nokre år frå 1917 løyvde Stortinget årleg pengar til landslaget «til sosialt arbeid til å fyrebu ungdomen for soldattenesta».

 

Nynorsk Wikipedia skriv: «Edvard Os ((20. april 1885–9. januar 1970) var ein norsk offiser og norskdomsmann frå Eid kommune i Nordfjord. Han moderniserte drifta av organisasjonane Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag som dagleg leiar for båe to i åra 1913–1927.

Dette var i perioden då lagsbruks-skatten og Solfuglmerket blei innført. Desse to tiltaka var avgjerande for økonomien i dei to landslaga fram til 1950-talet. Det var Edvard Os som førde i pennen utgreiinga «Skattlegging av lagsbruk», som blei brukt som saksunderlag på samrådingsmøte for organisasjonane på Voss i 1917»:

 

Etter at han gjekk av som dagleg leiar i NU og NM var han var driftsstyrar i Noregs Boklag 1927–1932.

 

Biletet under er frå Langtjernseter i Flesberg kommune, det vesle fritids-gardsbruket som Edvard og kona, Ragna kjøpte i 1927 for å halda nærkontakt med landbruk og gardsdrift. Dei hadde i alle år heimen sin på Majorstua i Oslo. Legg merke til solfuglmerket på taket.

 

Sigmund Dale

Fødd i Høyanger i 1908. Død 1995. Juridisk embetseksamen i 1932. Underdirektør i Bankinspeksjonen. Aktiv i styre og råd i Bondeungdomslaget i Oslo. I målrørsla og i Det Norske Teatret hadde han mange tillitsyrke. Formann i Lagsbruksnemnda frå skipinga i 1949 og heilt til 1971  Han la vekt på alt som kunne samla kreftene i arbeidet for å fremja den norske kulturarven, og han hadde eit praktisk syn på lagsarbeid og ideélt arbeid i det heile. Dale gjorde mange gode konsulentoppdrag for lagsbruk omkring i landet.

Kåre Kolås: «Denne juristen er ein av dei personane som har gjort mest for lagsbruka. Når han reiste rundt i embets medfør som bankinspektør, han vart etter kvart nestformann i Bankinspeksjonen, trur eg ikkje det var eit einaste lagsbruk han ikkje var innom. Som tidlegare skatteinspektør i Sogn og Fjordane kunne han gi råd på mange område, særleg om finansiering og skatt, som då var mangelvare. Han var formann i Lagsbruksnemnda frå 1949 like til 1971. Dale var veldig oppteken av alt som rørte seg innanfor målrørsla og ungdomsrørsla».

 

Dette biletet frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er frå barndomsheimen hans i Høyanger, og Sigmund Dale er ein av personane på trappa.

 

Kåre Kolås

(1917-2006) Fødd i Lindås nord for Bergen. Utan tvil den fremste representanten for samarbeidstanken mellom lagsbruka. Han var sjølv med i første rekke i mest heile den siste halvdelen av dei vél 100 åra rørsla har eksistert.

 

Det er i rørsla sitt perspektiv at Kåre Kolås dyrka forretningsverksemda. Kva lagsbruka kunne utretta til gagn for det ideologiske arbeidet var heile tida hans drivkraft. Kolås var formann i Bondeungdomslaget i Bergen og i Vestlandske Mållag. Han var også styremedlem og nestformann i Hordaland Ungdomslag nokre år.

 

Torgrim Ljones ved huset i Lindås der Kåre vaks opp.

Kåre var aldri medlem av Lagsbruksnemnda, men blei oftast teken med på råd og oppdrag den gongen også. Styremedlem for Lagsbruki til Bondeungdomslaget  i Bergen LL frå 1947, formann frå 1960 og daglig leiar frå 1965 til han gjekk av med pensjon i 1986. Styreleiar i Lagsbrukssamskinaden frå skipinga i 1979. Han var elles styreformann i Vestlandsbanken i mange år, aktiv historiearbeidar, og ei umåtelig verdifull kjelda for dei som søker eit breiare perspektiv på lagsbruksarbeidet.

Minneord om Kåre Kolås 2006

Knut Lauvrud

Knut Lauvrud (1921-2002) vaks opp i ungdomslaget Fram i heimbygda Øystre Slidre, og han hadde det meste av arbeidsdagen sin i og for den frilynte ungdomsrørsla. Under krigen hadde han medansvar for at boikotten mot det nazifiserte Noregs Ungdomslag blei så effektiv i Valdres. Frå 1946 til 1950 var han reiseskrivar i Vest-Agder Ungdomslag og Vest-Agder Mållag.  I 1951 hadde han – saman med Knut Hauge – ansvaret for «Kystferda 1951», der dei reiste heile norskekysten nordover med kinoframsyningar, talar og andre kulturinslag. Fast tilsett i NU frå 1955 – mellom anna med ungdomshus som fagfelt. Dei siste yrkesaktive åra hadde han i heimekommunen som kultursekretær, og seinare kultursjef.

 

 

Abel Olsen

Fødd i 1917. Siviløkonom. Styreformann for AS Kaffistova åt BUL/ Saga Hotell i Tromsø i omlag 30 år, og dreiv dette hotellet opp til å bli eit av dei beste og mest lønsame hotell i landsdelen. Abel var idealist og fagøkonom og har vore ein ruvande person i nordnorsk næringsliv.

http://www.lokalhistoriewiki.no/index.php/Abel_Olsen

Thomas Ljosland

Thomas Ljosland (1881-1968) var fødd i Iveland i Aust-Agder. Han kom tidleg med i frilyndt ungdomsarbeid i heimbygda og var ein stor idealist og norskdomsmann heile sitt liv. Han utdanna seg i bygningsfaget og etablerte seg etter kvart med eige firma i Arendal. Han var med på å skipa Austegdelaget i Arendal i 1920. Han var skiftesvis formann og nestfomann i laget fram til 1939. Han ivra tidleg for eit lagsbruk i byen, og han kom til å få hovudtynga av arbeidet med lagsbruka i Arendal og med drifta av desse. Han var leiar av lagsbruksstyret frå 1925 til 1949. Han var også sterkt engasjert i Aust-Agder Ungdomslag, og i Aust-Agder Mållag var han styremedlem frå 1925 til 1947 – med unntak av krigsåra, då arbeidet låg nede. Han var heidersmedlem både i Austegdelaget, Aust-Agder Ungdomslag og Aust-Agder Mållag.

(Kjelde: Austegdelaget 1920-1970.)

C. B. Bugge

Frå boka Vestmannalaget i 110 år (1978).: «Det er C. B. Bugge (1865- ) som hev teke tyngste taki i alle dei lagsbruk og forretningar som Vestmannalaget hev havt med aa gjera. Dei er ein mann med jarnvilje og med ein arbeidstrott som aldri tryt. Hev han sett seg noko fyre, so lyt det fram, kva det so kostar av slit og strev. Det er faae som kjem i hug kor mykje han hev gjort for maalfolket paa Vestlandet, og alt hans arbeid hev vore lønlaust, ja mang ein gong takklaust med. Bugge var mellom anna formann i lutlagi Gula Tidend, Norskt herbyrge, Firda og Sygna herbyrge og Hordaheimen».

Nils E. Ringset

Bonde, venstrepolitikar og organisasjonsmann frå Liabygda i Stranda kommune på Sunnmøre.

Styreleiar i Sunnmøre fril. Ungdomssamlag i 20 år og drivande kraft i etablering av ulike typar lagsbruk; Husmorskolen på Lyngvin og seinare nybygging av husmorskolen på Lande, kjøp av Kaffistova (Lorkenesgt. 3), skiping av Sunnmøre museum, skiping av småindustrikontoret - alt i namnet til Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag. Frå 1925 til 1946 var han nestleiar i styret i Noregs Ungdomslag (bortsett frå åra under krigen då det ikkje var verksemd i NU)

 

Frå SFU-soga i 1954 (Ivar Grøvik)

Edvard Røssaak

Edvard Røssaak - fødd på Harøy 1873 - var forretningsmannen i styringa av Sunnmøre frilynde ungdomssamlag og forretningane der. Han var kassastyrar for laget frå 1921.

 

Frå SFU-soga i 1954 (Ivar Grøvik)

Martinus Heide

Martinus og kona, (–) under jubileet til Kaffistova Trondarnes i 2003 (Foto: Nils Seland)

 

Fødd på Indre Elgsnes i 1925 og vaks opp på Lundenes på Grytøya. Tilsett som rekneskapsførar for Kaffistova i Harstad i 1947 og sekretær for styret frå 1949 til 1966. Frå 1966 fast i felles forretningsstyre i TUF. Rekneskapsførar for TUF frå 1972. Medlem av styret i Lagsbrukssamskipnaden på 1980-talet. Død 2014.

 

 

Jørgen M. Eriksen (- - 1986)

«Jørgen M» er utan tvil det namnet som har prega Troms ungdomsfylking mest i åra etter 2. verdenskrigen. Han vaks opp i Ungdomslaget Nordlys i heimbygda Rossfjordstraumen. Mens fylkeslaget og forretningane hadde felles styre (frå 1905 til 1966) var han leiar i 6 år. Etter at det blei organisert eit eige forretningsstyre, kom han til å stella mest med det, og han blei valt til leiar i det første reine lagsbruksstyret i Fylkingen – mellom anna saman med Martinius Heide. Han tok handelsutdaning, og mot slutten av 1940-åra flytta han til Finnsnes og arbeidde som rekneskapssjef i Troms Innland Rutebil AS i 13 år. Seinare var det banken som blei hans arbeidsplass.

 

Finnsnes var fram mot 1950 i ferd med å utvikla seg til ein aktiv bygdeby, og det blei fort tale om å bygga Bondeheim og Kaffistove på staden. Jørgen M. var leiar i byggekomiteen. Det blei mange tunge år for Bondeheimen/ Finnsnes hotell, og Eriksen fekk mykje å streva med. Medlem av styret i Noregs Ungdomslag på 1960-talet.

Jørgen M. Eriksen døydde i 1986. Kjelde: Arvid Hansen i Troms Ungdomsfylking 1905-1980.

 

 

Foto: Sevald Eilertsen/Harstad Tidende 1980.

 

Edvard Ruud
(1907-2001) «En av nordnorges fremste kulturpersonligheter gjennom et langt liv – bonde på Elgsnes i Harstad kommune. Edvard Ruud var født en stormnatt og storm har det ofte vært i hans liv. Ennå langt opp mot 90-års alderen var han aktiv og glødet for sine tanker og ideer og kamplysten var til stede. Kamp for nordnorsk kultur og arven etter forfedrene.

Edvard Ruud var en kulturpersonlighet av dimensjoner. Gjennom sine dikt og prologer, sine viser og kåseri og sin kamp for å minnes tidligere kulturpersonligheter, har Edvard Ruud satt store merker etter seg. Hans store ideal var dikterpresten Anders Hovden og Edvard skrev hyllingsdikt til dikterprestens minne. I ung alder ble Edvard grepet av målsaken og den frilynte ungdomsbevegelsen, og få behersket nynorsken bedre enn Edvard Ruud.»
Frå minneord av Erling Hall-Hofsø

Frå lokalhistorieWiki:

«Ruud var ikke medlem av Nasjonal Samling, men mottok tilbud fra nazistene om å bli ordfører i Trondenes. Han måtte da skrive under en lojalitetserklæring til NS. Den 22. oktober 1942 påtok han seg også formannsvervet i Troms Ungdomsfylking, hvis hovedorganisasjon var nazistyrt og mange lokallag hadde lagt ned sin virksomhet i protest mot nazifiseringen. 15. januar 1943 lot han seg velge til medlem av landsstyret i Noregs Ungdomslag og stod som medlem til kapitulasjonen.»

Minneord om Edvard Ruud

 

Etter andre verdskrigen ser det ut til at Edvard Ruud blei ein «ikkje-person» i Troms Ungdomsfylking. Det kan vera mange forståelege årsaker til det, men ein ser likevel at samfunnet elles har sett stor pris på den formidable kulturinnsatsen til Ruud:

  • Blixprisen 1980
  • Harstad Sparebanks kulturpris 1987
  • Petter Dass-medaljen 1991
  • Pris fra hurtigruteselskapene
  • Frå 1974 var Edvard Ruud statsstipendiat, med særleg plikt til å samla inn gamle ord og uttrykk, fiskeméd, etc.

Kjelde: lokalhistoriewiki.no                http://nbl.snl.no/Edvard_Ruud                         

 

 

Hilmar Rørmark

(1907-1972)

  • Lærar på Trondarnes folkehøgskule 1930-45 og 1948-49
  • Lærar på Vefsn folkehøgskule 1945-48 og styrar der frå 1949 til 1970
  • Styrde Hålogaland Målkontor 1932-39
  • Styrde bladet Midnattsol frå 1937 til 1941
  • Formann i Hålogaland Ungdomslag 1953-56
  • Styremedlem i Noregs Ungdomslag 1946-53

Rørmark var pådrivar for å starta kaffistove i Mo i Rana, og målet var at den skulle bidra til økonomien i fylkeslaget – og dermed folkehøgskolen, som Hålogaland Ungdomslag eigde heilt fram til omlag 2000.

 

Frå Norks Allkunnebok:

 

 

Ottar Stuvland

Ottar Vaks opp på Stuvland i Drevja.
Kom inn i ungdomslaget på heimstaden i 1946 og var formann i to periodar. I desse åra blei ungdomshuset bygd.
Frå 1954 busett i Mosjøen og starta eigen skobutikk der i 1957.
Frå 1962 har Ottar vore kasserar i Hålogaland Ungdomslag.
Styreformann for Kaffistova As frå 1970.

 

Styremedlem i Norske Lagsbruk, Paul Kr. Hansen og Ottar Stuvland i passiar på Kaffistova i Mosjøen. (Foto: Nils Seland)

 

 

Hans Eidnes

 

Vita i utdrag frå www.stortinget.no:

Eidnes, Hans (1887-1962)
Sat på Stortinget som representant for Venstre i Troms 1945-1949

Yrke
Andrelærer ved Vågan folkehøgskule 1914-1919
Lærer ved Trondarnes folkehøgskule 1919-1921
Redigerte ungdoms- og målbladet "Midnattssol" 1919-1929
Redigerte Det lokalhistoriske tidsskriftet "Håløygminne" 1920-1962
Styrer ved Trondarnes folkehøgskule 1921-1959

Medaljer og utmerkelser m.m.
Kongens fortjenstmedalje i gull 1957


Verv
Offentlige verv
Medlem Norsk Språknemnd 1952-1959

Tillitsverv i organisasjoner
Formann Hålogaland historielag 1920-1962
Medlem Styret i Landslaget for by- og bygdehistorie 1921-1962
Formann Noregs Mållag 1946-1949
Formann Venner av Det norske teatret 1946-1949
Formann Norsk folkeminnelag


Litteratur
Eidnes, Hans: Trondarnes Folkehøgskole 1948-52
Eidnes, Hans: Trondarnes Folkehøgskole 1919-44, Harstad 1946
Eidnes, Hans: Troms Ungdomsfylking 50 år, Tromsø 1955

 

Olav Engan

 

  • Engan er fødd i Ogndal i 1926 og hadde mange verv i Ul Ogna og I Inntrøndelag Ungdomssamlag
  • Skriva/dagleg leiar i Noregs Mållag: 1959-63
  • Som representant (skrivar) for Noregs mållag og saman med Magne Rommetveit og Ivar Eskeland var han pådrivar for skipinga av nynorskavisa Dag og Tid, og han var den første disponenten i avisa.
  • Frå sist på 1970-talet var Engan aktiv i det nasjonale samarbeidet mellom lagsbruka. Han var styremeldlem i Lagsbrukssamskipnaden då den blei skipa i 1979 og ein av pådrivarane for ymse nyskapingar innan profesjonaliseringsarbeidet for lagsbruka – bl. a. Solfuglhotell IS
  • Direktør for  Hotell Trønderheimen og konsernet Trønderhotell. 
  • Deretter dreiv han fleire hotell/reiselivsbedrifter i eigen regi m.a. på Brekstad på Fosen og i Sverige (Gãddede).
  • Bur i 2018 på Steinkjer

 

Kjelder:

* Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 1955-2005

* Jakob Bjerkem

https://www.nrk.no/trondelag/86-aring-star-for-verving-1.8352471   

 

Eirik Moen

Eirik Moen var fødd i Måndalen i Romsdal i 1912 og døydde i 2002.

Moen var ei drivande kraft i lagsbruksarbeidet i Molde.

Han var tilsett som forretningsførar for lagsbruka til Romsdal Ungdomssamlag frå 1956 og fram til oppnådd aldersgrense. Han var også skrivar for Ungdomssamlaget og dermed bladstyrar for «Unge Romsdal» og «Jul i romsdal» frå 1956 til 1970.

Romsdal Ungdomssamlags kulturpris 1984

Romsdal Fellesbanks kulturpris 1984

Romsdal mållags målpris 1992

Rauma kommunes kulturpris 1995

Møre og Romsdal fylkeskommunes kulturpris 1998

 

Kjelde:

Minneord i Romsdal sogelags årsskrift 2002

 

Alfred Løvik

Alfred Løvik var lenge aktiv i Bondeungdomslaget i Stavanger, og var leiar der frå 1926 til 1929.

Han flytte seinare til Flekkefjord, der han blei tilsett som banksjef for Rogalandsbanken si avdeling der.
I Flekkefjord engasjerte han seg sterkt i mållags- og lagsbruksarbeid og var pådrivar for ei større utbygging av kafeen sist på 1940-talet.

 

Reidar Hansen􏰃

Minneord av Kristian Magnus Vikse

(noko forkorta)

 

Reidar Hansen døydde fredag 6. desember 2013, 61 år gamal.
Reidar Hansen var son av det kjende mållags- og leikarringparet Astrid og Trygve Hansen, og tok opp arven etter dei i det som nå heiter Haugesund Mållag og Ungdomslag. Han var leiar i laget i åra 1984-86 og 1996-1999, og var nå, frå 2009, inne sin tredje bolk som lagsleiar. Han hadde og mange andre verv i laget opp igjennom åra, mellom anna som leiar for leikarringen og i hytte- og husstyret. I 1981 var han
formann i den tallrike nemnda som skipa til Noregs Ungdomslags landsstemna og årsmøte i Haugesund 2.-5. juli det året. Ei kjempeoppgåve som samla 3000 deltakarar.
Haugesund Mållag var i mange år ein stor eigar i A/S Haugesunds Avis, og i fleire år, fram til 1991, då laget, saman med andre lokale eigarar, hadde seld aksjane i avisa, sat han i styret for avisa.
Reidar Hansen utdanna seg som lærar i handel- og økonomifag i Bergen.
Eg fekk gleda av å samarbeida med Reidar både i styret i avisa og då eg skreiv boka «Kulturberaren – Haugesund Mållag og Ungdomslag 1906-2006». Han var den ryddige og rolege mannen, med klåre standpunkt, men og med glimt i auga. Han var sjølv ein kulturberar i eit lag som har hatt mykje å seia for mange, både frå bygd og by, i meir enn hundre år. Tida då laget dreiv to kaffistover og eit hotell er over, men framleis lever laget, og i det fine huset på Kvalatun, der Reidar har vore ein av berebjelkane, er det fleire slag aktivitetar.


Nils Seland


  • Fødd 1946 på Seland i Flekkefjord kommune.
  • Utdanning som gartnar og næringsdrivande.
  • Dreiv eige gartneri frå 1974 til 1990.
  • Praksis som styremedlem og styreleiar i fleire lagsbruk og andre forretnngs- og samvirketiltak.
  • Styremedlem i Noregs Ungdomslag frå 1977. Styreformann frå 1978 til 1981.
  • Styremedlem og styreleiar i Lagsbrukssamskipnaden på 1980-talet.
  • Dagleg leiar i Norske lagsbruk frå 1990 til 2007.
  • Prosjektverksemd med lagsbrukssoga frå 2007-.


 

Tilbake til hovudsida