Lagsbruk

Organisering

1949: Lagsbruksnemnda

Den 26. mars i 1949 blei det første Lagsbruksmøtet skipa etter sterkt påtrykk frå skrivarstova  til Noreg Ungdomslag og Noregs Mållag og frå framståande lagsbruksfolk. Dette møtet danna opptakta til det første formelle lagsbrukssamarbeidet. Sidan blei det skipa årlige lagsbruksmøte som valde ei lagsbruksnemnd med tre medlemmer til å styra samarbeidet. Sekretariat var skrivarstova til Noregs Ungdomslag i samarbeid med formannen i nemnda.

I vedtektene frå 2. nov. 1954 står det at Lagsbruksnemnda skal "gje lagsbruka råd og rettleiing i faglege, økonomiske og juridiske spørsmål og fremja samarbeid mellom lagsbruka". Lagsbruksnemnda har særlig arbeidd med skattespørsmål, finansiering, planlegging og nybygging av lagsbruk, og har elles gitt råd i saker som Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag har lagt fram for nemnda. Lagsbruksnemnda har planlagt felles reklametiltak for lagsbruka og gitt ut ordliste til forretningsformål.

Landslaga hadde nok ein tanke om at dei gjennom desse  møta skulle få meir pengar frå lagsbruka, mens lagsbruka ville ha meir samordning av overføringane til Skrivarstova. Men det var også lagsbruk som såg fram til å bruka møta for å drøfta bedriftsøkonomi og god drift, etter som vanskane med gjenreisinga etter krigen og krav til omstilling melde seg.

På lagsbruksmøta  var det  stort sett styrefolk som møtte.   Dei tilsette i lagsbruka blei ikkje tekne med. "Det var likt til at lagsbruksstyra meinte dei tilsette ikkje hadde noko på desse møta å gjera", skriv Kåre Kolås.

Det blei stilt mange spørsmål og krav til Lagsbruksnemnda om ei rekke tiltak som lagsbruka ville ha hjelp til. Enkelte trong hjelp i skattespørsmål, fordi dei hadde store overskot, og ingen planar om investering og fornying. Andre hadde bruk for rettleiing om løner og lønskostnadar. Sigmund Dale var formann i Lagsbruksnemnda den lengste tida. Han hadde mellom anna arbeidd som skatteinspektør og hadde mange gode råd å gi både i økonomiske og i juridiske saker. Ligningskontora omkring i landet hadde ulikt syn og varierande godvilje overfor laga si forretningsverksemd. Dale meinte at ein skulle strekka seg langt i utgiftsføring av kostnadar som var i samsvar med føremålet til lagsdrifta, og han hevda at det var ligningskontora si sak å seia nei i slike saker.

1951: Fondet for alkoholfrie overnattings- og serveringssteder

Dette var ei statleg finansieringsordning som blei etablert i 1951 for å stimulera til skiping og modernisering av verksemder som dreiv utan skjenking av alkohol. Me veit at sentrale folk i fråhaldsrørsla var pådrivarar for å få dette til. Vidare arbeid vil truleg visa at dette også hadde ein viss samanheng med etablering av Lagsbruksnemnda. Fondet blei gradvis gjort mindre relevant, og i statsbudsjettet for 1999 er det forslag om at fondet blir avvikla.

NOU 1976: 37: Alkoholfrie hoteller og restauranter. (Kolåsarkivet)

Kap. 2: Historikken for "Statens Fond for alkoholfrie hoteller, restauranter og kaféer"

1954: Lagsbruksfondet

blei skipa 2. nov. 1954 for å yta finansieringshjelp til bedriftene.

Vedtekter for Fondet frå 1997

1972: Lagsbruksgruppa

For dei ivrigaste samarbeidsforkjemparane var frustrasjonen stor over alle dei gode idéane til fellestiltak som stranda, og etter opptak frå Kåre Kolås blei Lagsbruksgruppa skipa i 1972. Det var stort sett dei største bruka som melde seg inn i dette samarbeidet. Dette blei innleiinga til eit meir systematisk, faglig samarbeid mellom tilsette på bruka. Det blei skipa to årlige samlingar. Gjennom utveksling av rekneskap og driftsopplegg, kurs for kjøkken, reinhald og resepsjon og gjennom utveksling av personale mellom bedriftene, blei det sett i gang ei viktig oppgradering av verksemdene.

Utveksling av rekneskap: Kolåsarkivet.

På møte i Lagsbruksgruppa 24.-26. nov. 1978 drøfter ein framtidig organisering, og namnet Lagsbrukssamskipnaden blir nemnt. "Kåre Kolås, Willy Kruse og Sigm. Dahle sit i ei nemnd som førebur nye føresegner for lagsbrukssamarbeidet i NU/NM. Føremålet er å få til eit meir handlekraftig organ som arbeider effektivt for lagsbruksverksemdene."

1979: Lagsbrukssamskipnaden

Sentrale lagsbruksfolk gjekk saman med Norske misjonshotellers forening, Norske Vandrerhjem og Landslaget for alkoholfrie overnattings- og serveringssteder (LASS) og etablerte Samarbeidsutvalget for alkoholfrie overnattings- og serveringssteder (SAMU). Samarbeidet løyste første året ut kr. 15 000 i statsstønad til lagsbruksorganisering frå Edruskapsdirektoratet (seinare Sosial- og helsedirektoratet) og Lagsbrukssamskipnaden blei etablert som sjølvstendig organisasjon - etter kvart også med fast sekretariat.

Grafen nedanfor syner utviklinga av stønad samla for dei fire organisasjonane fram til 2000.

I 2010 blir denne stønadsordninga avvikla, og organisasjonane etter kvart nedlagt - med unntak av Norske Vandrerhjem.

 

1984: Solfuglhotella

På 1980-talet var det ei gruppe av dei største lagsbruka som arbeidde for å få til ei hotellkjedeverksemd med navnet Solfuglhotella. Gruppa opererte uavhengig av Lagsbrukssamskipnaden.

Det kan sjå ut som om Solfuglhotella IS er etablert i 1984. Kolåsarkivet: Rekneskap for Solfuglhotella IS frå 1/1-1986 til 30/6-1988.

Grupperinga engasjerte i ein periode eigen sekretær/rådgjevar: Per-Erik Schønberg-Hansen frå Oslo.

Men fleire av hotella fall frå og blei selde ut av rørsla og arbeidet blei lagt ned.

 

1991: Arbeidet i retning mot ungdomshusa

Frå 1991 arbeidde Lagsbrukssamskipnaden med å få tettare kontakt med Noregs Ungdomslag. Status var då:

  1. Ein hadde for tida ei fast løyving over statsbudsjettet som var retta mot rusfrie serveringsstader og ungdomsmiljø. Det var altså like relevant å bruka midlane på prosjekt i ungdomshusa.
  2. Det var nedgang i tal på tradisjonelle lagsbruk.
  3. Noregs Ungdomslag hadde - iallfall sidan Knut Lauvrud si tid på kontoret - ikkje hatt tenester overfor lag med hus.

1997: Norske Lagsbruk

Organisasjonen endra navn og fekk nye vedtekter som også opna for arbeidet med ungdomshusa.

Vedtekter for Norske Lagsbruk frå årsmøtet 1997

 

2005: Neste fase i posisjoneringsarbeidet i retning private kulturbygg:


Saman med Folkets Hus Landsforbund, Landslaget for alkoholfrie overnattings- og serveringssteder (LASS) og Norges Velforbund blei det etablert eit nettverk i juni 2005 med tanke på å bygga opp eit felles tenesteapparat for samlingshusa. Det lukkast ikkje, og 2009 er truleg siste året med aktivitet i dette nettverket.

Melding og rekneskap 2006     Organisasjonskart

2009: Norske kulturbygg

Tanken med denne siste navneendringa var nok å gå eit steg vidare for å bli ein organisasjon for organisasjonseigde samlingshus. Men den faste årlege stønaden frå Sosial- og helsedirektoratet blei borte, og organisasjonen blei lagt ned i 2012.

Dei som har vore dagleg leiar i det organiserte lagsbruksarbeidet:

1979-

?

x - 1988

Arve Sæle

1. mars 1988-31. aug. 1990

Torgeir Martinussen

1. sep. 1990- 15. okt. 2007

(Heldt fram ei tid i delstilling)

Nils Seland

15. okt. 2007-2012

Anders Slaatsveen

(10.01.1951-28.12.2014)

 

 

 

Tilbake til hovudsida