Lagsbruk

Kaffistova Vigeland

Lindesnes kommune

 

Audnedal Mållag, som seinare skifta namn til Lindesnes Ungdomslag, dreiv denne verksemda. Starten var i Ola Gares hus i sentrum på Vigeland i 1920. Dei siste åra - frå 1969 – flytta drifta av Stova til 2. høgda i den då nyoppførte Remegården. I denne garden dreiv laget også Stovekiosken i 1. høgda. Drifta av begge einingane blei avslutta sist på 1980-talet.

 

(Kjelde Rolf O. Rødberg)


Over: Bilete frå Vigeland sentrum frå først på 1960-talet. Kaffistova nederst i venstre hjørnet.

 

 

Remegården - der Kaffistova heldt til i 2. etg. og hadde kioskdrift i 1. etg.

Foto: Nils Seland

Sal av kaffistova på Vigeland og Bondeheimen i Mandal var med på å skapa økonomisk grunnlag for å reisa Vigelandsstua saman med det lokale idrettslaget. Dette er i
praksis kulturhuset for Lindesnes kommune i 2017.

 

 

 

Sida er sist oppdatert:

Tilbake til hovudsida