Lagsbruk

Lagsbruk i Molde

Gimle

Kafè Gimle, Gimle A/L, Hamnegata 35, opna 24. august 1970. Eigar var Romsdal Ungdomssamlag (RU). Låg i andre etasje i den nye busstasjonen på Busshaldeplassen i Molde. Gjekk over til drift i privat regi i 1990.

Gimle_Molde_2011. Ola Gjendem i samtale med Romsdals Budstikke

Torgstova

Storggata 42. Kafeen opna i 2. etg. i  denne bygningen i 1959.

Ola Gjendem: "Åpnet i leide lokaler i Schistadgården, Storggata 42. I drift til ca 1979.
Bagatelle, Café og conditori, Storgata 42, Senere Torgstova i Storgata 42 (Schistadgården). Innehaver fru av Marie Sverdrup Molton. Hun startet i 1947 Bagatellle som en fortsettelse av Funkis som ble ødelagt under bombingen. Bagatelle beskjeftiget ca 25 personer og hadde en kapasitet på 140 gjester. Kafeen ble solgt til Alette Skraff i 1957-1958. Bagatelle avertert for salg i januar 1959. RU kjøpte av fru Alette Skraff og den ble omdøpt til Torgstova. Stengte tidlig på kveld og ble derfor mye utleid på kveldstid. Pauline Haukås fra Fræna bestyrte kafeen i mange år for RU. "

Storgata 19

Bondeheimen og Kaffistova frå 1920 til brannen i 1940. Kaffistova heldt fram i leigde lokaler til den nye Romsdalsheimen blei ferdig.
Romsdalsheimen og Kaffistova i nybygg frå 1949 til bygningen blei seld sist på 1980-talet.
Garden er eigd av Restauranthuset Molde i 2013.

Kaffistovas venner

"Knut Ødegård, ektefødt Moldelyriker starta Kaffistovas Venner sammen med tremenningen Edvard Hoem. Disse to skrev selv dikt til- og gjennomførte de første lyrikkfestivalene i Molde - (og i landet), med grunnlag i miljøet rundt Kaffistova." (Ola Gjendem)

Knut Ødegård til Aftenposten 15/2-2014: "I gymnastiden sat vi på Kaffistova i timevis og diskuterte. Alle røkte pipe, Kjell Magne Bondevik inkludert. Men han gjemte pipen bak en stein før han gikk hjem". Problemet mitt var at far hadde kontor tvers over gaten. Så jeg anskaffet hatt og solbriller for å gjøre meg ugjenkjennelig".

 

Kjell Magne Bondevik til Aftenposten 15/2-2014: "Jeg kan bekrefte ungdomshistoriene fra Knut Ødegård. Det var et privilegium å vokse opp i Molde på 1960-tallet. Vi hadde et særdeles levende og engasjert miljø rundt Molde gymnas".

 

Edvar Hoem fortel til redaktøren i 2014: Det som står i her stemmer for så vidt, men det var også eit framhald. "Kaffistovas Venner skipa i 1966 og 1967 til noko som vi kalla "Lyrikkstemnet i Molde". Mange kjende forfattarar kom dit, Harald Sverdrup, Marie Takvam, Ragnvald Skrede og Peter R. Holm det første året, Halldis Moren Vesaas, Tor Obrestad, Einar Økland, Gert Nygårdhaug det andre. Etter det siste stemnet sat eg igjen med eit underskot på 10 000 kroner, og eg vart kalla inn til rektor som vart nedringt av dei vi skulda pengar. Halldis sa frå seg honoraret. Underskotet greidde vi til slutt å dekke på snedig vis.
Da Knut var reist frå byen, byrja vi med "Kaffistovas Venners teater" som spela eit par amatørstykke. Kaffistovas Venner var da min nye vennegjeng, som sat like lenge og diskuterte like mykje på Kaffistova, men no vart diskusjonen stadig meir politisk og radikal. Det var hektiske ungdomsår, og namnet Kaffistovas Venner var eit muntert samlebegrep for fleire årgangar med ungdom.

 

Frå boka Norske ungdomstiltak (1935) om Bondeheimen og Romsdalsheimen. Desse to bygningane brann under tysk bombing i 1940. Romsdalsheimen blei bygd opp att etter krigen på tomta der Bondeheimen låg (Storgata 19.)

Kjelder:

  • Romsdal Ungdomssamlag 75 år. 1895-1970. Skriftstyrar Eirik Moen
  • Norske Ungdomstiltak. J. Såstad. 1935
  • Takk til Ola Gjendem ved Molde bymuseum for god hjelp i 2013.
  • Takk til Edvar Hoem for eit interessant tidsbilete frå Kaffistova.

Tilbake til hovudsida