Lagsbruk

Bondeheimen i Mandal

Dette er Wattnegården - i 2017 kalles den også Lindesnesgården, fordi lokalavisen Lindesnes flyttet inn i 1998 og har det som avishus. Bygget har også blitt kalt Nedenesgården i riktig gammel tid (ble bygget av Fredrik Gjertsen Nedenes i 1784, senere solgt til Tobias Wattne, rundt 1810 eller kort etter, og da skiftet det navn. Sønnen Tønnes Wattne overtok det fra 1861.) Fra 1917 og oppover var det L/L Bondeheimen som hadde drift der, så da ble det også kalt "Bondeheimen." 

(Kjelde Nasjonalbiblioteket)

 

I avisa Lindesnes frå den 15. januar 1917 sto det å lesa: "G. O. Saanums hus er solgt til Marnar og Undals (Audnedal) mållag til Bondeheim for kr. 60 000. Huset er bygget i 1756 av "Gierts Kari", Karen Tørrisdatter Nedenes, i tilslutning til familiens hovedsete, Store Elvegate 31, Lohnes hus".

 

 

I 2017 er det avisa Lindesnes som held til i hovudbygget -

mens «Jonas B. Gundersen» er ein kjend restaurant i huset ved sida.

 

Bilete - truleg frå 1960-talet - med inngangen til Bondeheimen frå "Hestetroa".

 

Historia

Av Terje Dyrnes

 I 1916 vart arbeidet med å skipe ein Bondeheim i Mandal tatt opp av dei to mållaga i distriktet, Marnar Mållag og Audnedal (Undal) Mållag, no Lindesnes Ungdomslag. Då hadde dei alt drive Kaffistove i byen nokre år. Ein stor trebygning i Mandal sentrum vart kjøpt inn av eit lutlag som besto av 521 lutar a 50 kroner. Bygget kosta 60.000 kroner og det blei lånt 50.000 kroner. 27. september 1917 vart L/L Bondeheimen i Mandal skipa med ein lutkapital på 26.050 kroner.

 

I lovene som vart vedtekne, vart det slått fast at lutlaget skulle styrast av to frå kvart av mållaga. Av evt. overskot skulle ytast utbytte på 6 prosent til luteigarane og resten skulle gå til dei to laga.. Ein viktig paragraf slo fast at mållaga kunne, kva tid det måtte vera, løysa inn ”dei frie” luteigarane”.

 

I starten hadde laga ein avtale om å dele utbyttet med 40 prosent til Audnedal Mållag og 60 prosent til Marnar Mållag. Dette avspegla og laga si lutfordeling, 40/60.

 

Frå 1970-talet blei lønsemda svakare, og L/L Bondeheimen vart avvikla over tre år, 1998, 1999 og 2000.

 

Økonomisk blei resultatet at dei to eigarlaga fekk 550.000 kroner kvar i tilskot, før resten av kapitalen vart delt likt mellom luteigarane. I alt vart det ca. 1.3 millionar kroner på kvart av laga.