Lagsbruk

Lagsbruka i Kristiansand-regionen

Oversikt

-

 Lagsbruka til Vest-Agder Ungdomslag
  • Bondeheim og Kaffistove,Vestre Strangt. 22




  • Bondeheimen, Kirkegt. 15.






  • Vest-Agder Ungdomslag dreiv også pensjonatet Breidablikk på Byglandsfjord nokre år.



 

  • Bondeheim og Kaffistove,Vestre Strangt. 22:
    Initiativet til å skipa verksemda blei gjort i 1911 som eit samarbeid mellom Vest-Agder Ungdomslag og Mållaget i Kristiansand, men mållaget drog seg ut av fellesskapet etter kort tid. På nyåret 1912 kunne Bondeheimen og Kaffistova opnast. Drifta gjekk tolleg bra og gav overskot frå fyrste stund. Fyrste driftsåret er det oppgjeve ei nettovinning på kr. 800,-. Årsmøtet i Vest-Agder Ungdomslag vedtok på årsmøtet i 1968 å legga ned verksemda. (Kjelde:Vest-Agder Ungdomslag 1893-1968)
  • Bondeheimen, Kirkegt. 15.
    Eigedomen blei kjøpt inn i 1920. Det var disponent Torjus Skaiå som kjøpte eigedomen for å sikra den for Vest-Agder Ungdomslag. Fylkeslaget sa ja til å overta eigedomen og styremedlemene tok på seg å vera personlege garantistar for lånet. Skaiå fekk stor takk for si handlekraft. Han blei valt til styreleiar for lagsbruket og hadde dette vervet fram til 1936. Ombygginga til hotell tok si tid. Først 1. oktober 1924 blei Bondeheimen opna.
    (Kjelde:Vest-Agder Ungdomslag 1893-1968). Verksemda og eigedomen blei seld i 2003 og heiter i 2006 Hotel Wergeland.
 Lagsbruket til Bondeungdomslaget i Kristiansand

 

Matstova, Kirkegt. 13

 

 

Gyldenløvesgt. 11
(I drift pr. 2013. BUL har ein seksjon)

BUL Kristiansand kjøpte eigedomen i l914. Fyrste høgda blei innreidd til kafe og kjøkken og eit rom der medlemene kunne møtast. Resten av bygget var hyblar og husvære for tilreisande og for dei tilsette på kafeen.
Stova blei lagt ned på 1970-talet og seinare blei garden makeskifta med Telenor, som hadde ein naboeigedom i Dronningens gate.

I år 2000 blei så denne eigedomen seld og pengane blei nytta til kjøp av ein part i Mållagsbygget i Gyldenløvesgate 11, der dei held til pr. 2013. (Kjelde Olav Molland).

 

 Lagsbruka til Mållaget i Kristiansand

 

  • Gamlestova


  • Kaffistova i Markensgt. 37


  • Gyldenløvesgt. 11
    (I drift pr. 2013. BUL har ein seksjon)


  • LL Christiansands Handelslag


  • Kaffistova, Vennesla

Ei tid dreiv Mållaget i Kristiansand heile tre kaffistover:
Gamlestova
Dette var ei kaffistove som Mållaget i Kristiansand etablerte i 1906 i garden som Vest-Agder Ungdomslag seinare kjøpte i Kirkegt. 15 – på hjørnet mot Tollbodgt. I 1907 var omsetnaden her heile 17 262,95 og fortenesta på kr. 1 382,07. Mållaget dreiv kafeen «Gamlestova"» fram til 1967, då Bondeheimen sa opp leigeavtalen for å bruke lokala til eiga drift.
Kaffistova i Markensgt. 37
Denne blei starta av mållaget i 1910, men eg har ikkje funne meir stoff om den. Drifta av denne stova varde bare ei kort tid.
Gyldenløvesgt. 11
I 1915 fekk mållaget kjøpt denne eigedomen. Der stod då ein bygning i to høgder. Etter krigen melde tanken seg om nybygg. Det tok lang tid å få gjennomslag for ei reguleringsendring som gav god nok utnytting av tomta, men i 1969 blei det gitt byggeløyve for dagens utforming av eigedomen. Huset sto ferdig i mai 1971 med ei samla byggeflate på 2 730 kvadratmeter fordelt på 5 høgder.
(kjelde: Mållaget i Kristiansand 90 år.)
Mållaget dreiv kafeteria i Gyldenløvesgt. for eiga rekning – siste åra med namnet
Nellas hus – fram til omkring årsskiftet 2002-2003. I dag er kafeteriaen driven av privat selskap. Bondeungdomslaget i Kristiansand har nå kjøpt seg inn i huset og disponerer deler av huset til lagsverksemd og kontor.
LL Christiansands Handelslag
Då mållaget kjøpte Gyldenløvesgt 11 i 1915 starta dei opp handelslaget som dei dreiv
nokre år. Verksemda gjekk svært dårleg og blei lagt ned etter ei kort tid. Lokala vert deretter leigd ut til forretningsmannen Senumstad som dreiv kolonialbutikk fram til bygget blei rive (1969) for å gje plass til det nye Mållagsbygget som stod ferdig i 1971. Verksemda var i drift i mållaget sin regi frå 1915 til 1922.
(Kjelde Olav Molland).

Kaffistova, Vennesla
Mållaget i Kristiansand dreiv ei kaffistove i Vennesla nokre år frå 1920

 

 

 

 

 

 

Sida er sist oppdatert:

Tilbake til hovudsida