Lagsbruk

Dag Bondeheim og Kaffistove

Frå boka "Kjenn ditt land":

 

«Dag Bondeheim har vore ein samlingsstad for folk frå bygd og by gjennom snart 100 år.  I sogeskrivet etter 40 år står det at det var Jon Garborg, bror til Arne Garborg, som kom med framlegget til namn. Han var med å skipa Mållaget Dag. Dei som skreiv soga, var usikre på kva han hadde i tankane, men dei meinte det kunne ha to tydningar. Det eine kunne vera at det kom ei kulturvakning og en kulturmorgon over landet i samband med målreisinga. Ho er solrenninga som ber bod om at ein ny dag er i kjømda. Det kunne også vera ei oppkalling av Dag Eilivsson.  Lendmann Dag Eilivsson og hans familie var ein av de mektigaste i Noreg på slutten av 1000- talet og til omtrent 1160. Dei kontrollerte store delar av Grenland og residerte på storgarden Bratsberg. 
Dag Eilivsson, ein lokal høvding og kongens mann, grunnla og eit nonnekloster på det som er kjend som Klosterøya i dag. Mållaget Dag i Skien tok navnet vidare og deretter kalte dei hotellet for Dag Bondeheim.

 

Bragegarden med spiret intakt.

 

Det var Mållaget Dag som kjøpte Bragegaarden. Det starta opp med drift av ei kaffistove i 1916 og seinare eit hotell fra 1927.
Dei fyrste åra var det 8 sengeplasser. Sidan 1927 har Dag Bondeheim vore gjennom fleire endringar og ei større utbygging i 1986.
På det meste har hotellet hatt 40 rom med 75 senger. Utover dette har hotellet hatt gode kurs- og møtelokalar for opp til 100 personar og halde selskap skreddersydd etter ulike ynskje.

Hotell Dag Bondeheim har gjennom alle år hatt sterke band til arbeidet for norsk språk og kultur. På 1930-talet blei Dag marknadsførd som den einaste  verksemda i Skien der overskotet gjekk til å fremja nynorsk. Ulike delar av hotellet var pryda med bilete måla av Knut Hovden frå Høydalsmo. Dei er laga etter motiv frå folkevisa om Bendik og Årolilja. Bileta er ramma inn av dei vakre og karakterisitiske Telemarksrosene.

 

Fram til 1996 dreiv Mållaget Dag hotellet. Så blei det drive vidare som eit lutlag, Dag Bondeheim AS.
Hotell Dag Bondeheim er frå 2014 eigd 100 % av Bøndenes Hus AS.»

Teksten er henta frå nettsida til hotellet i 2017. Redigert av Nils Seland.

 

 

Dekorasjon av Knut Hovden frå Høydalsmo (foto Nils Seland)

Matsalen (foto frå nettsida 2017)

 

 

Dag Bondeheim omlag 2005 - utan tårn og spir (foto Nils Seland)

Så er det over

To forsøk med ny kapital og nye eigarainteresser har ikkje lukkast med å skapa lønsam drift. Hausten 2017 er drifta lagt ned og garden seld.

 

Epilog 2018