Lagsbruk

Brønnøysund

Det var eit av regionlaga til dei frilynde ungdomslaga i Nordland, Sør-Helgeland ungdomslag som etablerte og dreiv lagsbruk i Brønnøysund i perioden 1945 til 1963.

Nordlands avis 1933:

 

På møte i 1933 blei det sett ned ei nemnd for å laga plan for etableringa. Så kom krigen, men i 1945 var dei klar til å satsa i Masterberggata 47. Denne bygningen blei totalskadd i brann i 1955.

 

◊◊◊

 

Det Norske næringsliv. 17 Nordland fylkesleksikon - 1954 - Nasjonalbiblioteket:

 

◊◊◊

 

Skjematisk oversikt:

  • Bondeheimen Gjestgiveri, Masterberggt. 47 

     

  • Hotell Bondeheimen, 
    Valveien 11

 

 

Plan for lagsbruk drøfta i Sør-Helgeland Ungdomslag i 1933. Kjøpte Hotel Fønix i 1945. Dreiv Bondeheim og Kaffistove. Brann 1955

 

  

Nybygg etter brannen. Ferdig i 1959. 

Seld 1963. Vidare som Torghatten hotell og seinare

Thon-hotel (2017), ny adr. Sømnaveien 98.

 

I oversikten nedanfor - truleg frå midt på 1950-talet står det at det også er ei Kaffistove i Storgata 67. Dette kan vera ein kafé som blei etablert etter brannen i 1955, og som har vore i drift til nybygget i Valveien 11 (nå Sømnaveien) sto ferdig.

 

 

Nordlands avis 1956:

 

Annonse 1959:

 

Til nybygget i Valveien 11 – ferdig 1959 – blei det søkt skjenkeløyve for alkohol. Noregs Ungdomslag hadde strenge vedtekter mot dette, og etter sterke oppfordringar frå landsmøtet om å sei frå seg løyvet, blei eigarlaget ekskludert frå rørsla.

 

Det gjekk nok – av ulike grunnar – likevel ikkje så bra med det nye hotellet, og anlegget kom på tvangssalg i 1963.

 

Nordlands avis 1963:

 

I 1964 blei Sør-Helgeland Ungdomslag invitert inn att i Noregs Ungdomslag.

 

Bygningen i Valveien 11 blei seinare riven, og det kom nytt hotell der. I 2017 er det Thon-hotel som er eigar og drivar og gateadressa er Sømnaveien 98.

 

Takk til Magnar Solbakk for verdifull hjelp.

 

Kjelde: Utdrag frå boka "Glimt fra Brønnøysunds historie"