Lagsbruk

Lagsbruka i Arendal

Fleire lagsbruk hadde brukbar inntening under 2. verdskrigen 1940–1045, men slitasjen var stor.

 

Bondeheimen og Kaffistova på Torget/Torvet

Gateadresse i 2013: Torvet 1a («Uglands hus»)
Kaffistove- og bondeheimsdrift frå 1934 til 1982
Bygningen blei seld i samband med at drifta blei flytta til Torggt. 5 i 1982.

Kaffistova (Tidl. Torvkafeen)

Kaffistovedrift (kafe) frå 1924 til 1963.

I boka Norske ungdomstiltak frå 1935 står det: «På den andre sida av torget har vi og ei kaffistove som dei same samskipnadane eig, og den har gjennom mange år vore ein kjend og kjær møtestad for ei mengd folk.» (Garden har adresse Havnegata).

I 2013 ser garden slik ut og har adressen Havnegata 5: Foto: Nils Seland

Torggata 5 (Torvgt)

Torggata 5 frå 1980-talet – den gong det var Bondeheim i bygget.

Eigedomen blei kjøpt inn i 1959 for 350 000 kroner.
3. etg.: I 1960 var lagssal og to salongar ferdige til bruk for eigarlaga.
2. etg.: Var ved kjøpet bunden av lange leigekontraktar, men blei planlagt ombygd til kafé.
1. etg.: Utleigd til forretningar.

Midt på 1970-talet starta planlegging for utbygging av eigedomen med kafé og hotell.
Byggestart i 1980 – inkl. ny 4. etg. med festsal og salong.
Kaféen blei opna 19. mai 1982.
Hotellet blei opna 21. juni 1982.
Utbygginga løyste ut ei investering som drifta ikkje kunne bera, og huset blei seld i 1986.

 

 

Bilete av Torgt. 5 i 2013. Nils Seland

Drivaren av Torggt. 5 i 2013 skriv i sin reklame:

«Velkommen til Ting Hai - nytt konsept, gamle oppskrifter, lang historie. Som Arendals eldste restaurant kommer Lim familien med gamle og kjente oppskrifter i et nytt konsept.

Vi sees på Gamle Bondeheimen!»

 

Selskapsform
«Andelslaget Kaffistova» blir omskipa til LL Bondeheimen, og i 1946 blir dei private aksjeeigarane kjøpt ut. Etter dette har Aust-Agder Ungdomslag 50%, Austegdelaget 30% og Aust-Agder Mållag 20% av aksjane.

Nytt huskjøp for Austegdelaget

Etter at Bondeheimen i Torggt. 5 blei seld i 1986, har Austegdelaget skaffa seg annan eigedom for lagsdrifta i Vestre gate 21 i 1989. Eigedomen blei seld att i 2013/2014.

Foto: Nils Seland

Artikkel om lagsbruka i Arendal av Jan Kløvstad (2020)

Kjelder:

 

Tilbake til hovudsida