Lagsbruk

Ålesund

 

Eigar: Sunnmøre fril. Ungdomssamlag - etter kvart via selskapet Sunnmørsstovene AS.

  • Løvenvoldgt. 2. Den første Kaffistova. Leigde lokaler. Opna 7. juni 1905 og var i drift til 1928, då den flytta til 2. etg. i Lorkenesgt. 3.
  • Kaffistova, Lorkenesgt. 3 opna desember 1928. Dekorasjonar ved Jonas Peson.

 

  • Gjestestova ved St. Olavs plass., adr. Notenesgt. 14. Opna 1920. Nåverande bygard er ny, men har ein fasade som er kopi av den gamle «Mangelgården».

 

All eigedomsverksemd er avslutta pr. 2008.

Verdifullt innbu er plassert på Møre Folkehøgskule, Ørsta.

 

Dokumentert med bilete i Digitalt Museum

 

Den første Kaffistova i Ålesund – med rosemåling og treskurd av Sjur Berven – opna i leigde lokaler i Løvenvoldgt. 2 med fest den 7. juni 1905. Det står i soga: «Det kom melding om dagens hendingar utover kvelden, og det gjorde sitt til å leggja ei djup og varm stemning over laget».

Flytta i 1925/1928 til eigen bygard i Lorkenesgt. Der var Jonas Peson med på utsmykkinga.

I 2. etg. her låg Kaffistova. Foto: Nils Seland 2016

Kaffistova med Peson-dekorasjonane (Digitalt museum)

Under: Her låg Gjestestova på St. Olavs plass. Foto: Nils Seland 2016:

Soga om Gjestestova i «Mangelgården»

Her «mangla» det ein etasje:

Interiør frå Gjestestova mala av Rudolf Krog.

Foto: Digitalt museum.

 

Denne bygarden i Kongens gate var den siste investeringa til Sunnmørsstovene AS. «Tusentrappa» til høgre – starten på stien til fjellet Aksla. Trappa er teikna av arkitekten Øyvind Grimnes, som også teikna fleire ungdomshus på Møre. Foto: Nils Seland 2008.

Aksjane i Sunnmørsstovene AS blei seld i 2008.

Sunmøre museum
•  1931: SFU var med på å skipa museet. Nils E. Ringset vart leiar. Karl Rogne kom med i styret.

•  1932: «SFU gjev trygd for årleg leige av bygsla grunn i Borgundgavlen. Dersom trygda blir gjort effektiv, har SFU etter avtale med Kyrkjedepartementet rett til å ta over styringa av Sunnmøre museum».

Anders Hovden-rommet på Sunnmøre museum med Kinsarvik-møblement.  Foto: Nils Seland 2016

 

Eigarlag: Ungdomslaget Ivar Aasen

  • Møre hotell (1924-1933) Nå Skaregt. 8.
  • Hotell Hospitset frå 1916, og seinare Hotell Noreg. Hospitset/Noreg blei bomba og brann 17. mars 1945. Blei bygd opp att på ny tomt. (Kongens gate 27)
  • Seld ca 1980.

Fekk skjenkeløyve til hotellet i 1954. UL Ivar Aasen fekk kjennskap til at NU ville prøva å få ekskludert laget frå organisasjonen og valde då å melda seg ut av NU før saka kom opp på landsmøtet. 

UL Ivar Aasen selde sine 4005 aksjar til Hotellinvest A/S og ei lokal gruppe 26. Januar 1984. Noreg blir i 2019 drifta av Olav Thon.

Laget har ein tilstøytande bygning, Sorenskriver Bulls gate 4, til lagssal m.m.

 

I boka Norske ungdomstiltak, som kom ut i 1935 har Ungdomslaget Ivar Aasen desse to hotella:

Hotell Møre (1924-1933) nær parken – oppunder Aksla.

Under: Same bygningen i 2018: Skaregt. 8. Foto: Google

Hotell Hospitset på Skansekaia. Hotellet blei i 1945 – i samband med bombinga den 17. mars – døypt om til Hotell Noreg (Harald Grytten)

Hotell Noreg blei bygd opp att på ny tomt med adresse Kongens gt. 27. Foto frå 1959

Hotell Noreg er ikkje lengre i Ivar Aasens eige.  Thon hotel står for drifta i 2019

Foto Nils Seland 2014

Eigedomen til Ungdomslaget Ivar Aasen med lagssal. Foto Nils Seland 2014

 

Kjelder:

  • Ein ungdom på hundre. Ungdomslaget Ivar Aasen 1905-2005 (2005) Harald Grytten
  • Takk til Harald Grytten og Noralv Ommedal for god hjelp.
  • Ungdomslaget Ivar Aasen 1905-1955
  • Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag 25 år. 1894-1919. Henrik Straumsheim
  • Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag gjennom 60 år. 1894-1954. Ivar Grøvik

 

 

Sida er sist oppdatert:

Tilbake til hovudsida