Steinkjer
Annonse i bladet Ungskogen 1915:
Avisa Ungskogen: Første ordinære nummer kom ut i Steinkjer i januar 1914, og fram til 27. april 1916 kom den med eitt nummer kvar 14. dag. Bladet var ideologisk knytt til den frilynte ungdomsrørsla, men i privat eige.
Kaffistova i Ovesengården - etablert i 1908
Jakob Bjerkem 2008:
Kaffistova på Steinkjer har aldri vore betrakta som lagsbruk. Mange ungdomslag hadde lottar, men fleirtalet av eigarane var bønder og private ungdomslagsfolk i bygdene rundt Steinkjer. Eg trur ikkje BUl og IU hadde lottar i Kaffistova i utgangspunktet, berre slike som dei overtok om lag vart lagt ned.
* * *
Rørsletiltaka:
|
|
Bondeheimen (I drift frå 1918)
Jubileumsmeldinga av Gunnar Børstad for nedlasting
***
Frå Inntrøndelags Ungdomssamlags jubileumsskrift 1895-1965:
Bondeheimen før 2. verdskrigen:
Kjelde: Inntrøndelags Ungdomssamlags jubileumsskrift 1895-1965
Jakob Bjerkem 2008:
Bondeheimen låg på Nordsida og brann i 1940. Denne vart ikkje bygd opp att, og etter det eg trur så vart det godkjent at BUL/IU brukte erstatningssummen også frå Bondeheimen til å bygge Grand. Men Bondeheimen som selskap heldt fram i leigde lokaler i Nordbottengården på Nordsida frå 1950 og heilt til 1981 da denne vart avvikla og utstyret overført til Hamnekafeen, som låg vegg i vegg med IU-kontoret i Hamnegata på Sørsida. Selskapet Bondeheimen Kaffestova LL blir avvikla med gjeldsforhandlingar og auksjon i 1986.
Arkivmateriale finst i IU-arkivet på Heistad Møtehus i Sparbu.
Grand Hotell
Grand Hotel før 2. verdskrigen:
Grand i 2003. Foto Nils Seland
Hamnekaféen
Hamnekafeen var ei vidareføring av LL Bondeheimen Kaffistova då den blei lagt ned. Både personale, møblar og utstyr blei flytta med. Kafeen låg vegg i vegg med IU-kontoret i Hamnegata på Sørsida. Hamnekafeen vart avvikla på 90-talet.
Arkivmateriale finst i IU-arkivet på Heistad Møtehus i Sparbu.
Sist oppdatert: 17. april 2018
Kjelder:
- Inntrøndelags Ungdomssamlags jubileumsskrift 1895-1965
- Jakob Bjerkem
- Steinkjerleksikonet
- Norske Ungdomstiltak