Lagsbruk

Sognatun

http://sognatun.no/index.php

 

 

Tårnhuset i Sogndalsfjøra var eit markant innslag i bygningsmiljøet heilt til brannulukka i februar 1965. Bygget vart reist av den kjende fotografen og gardbrukaren Nils Olsson Reppen i 1892/93.
Sogn Ungdomslag leigde tårnhuset og gjekk i gang med kafè der i 1959. Sognatun Kafé vart mykje nytta som middagskafé av skuleungdom og like før brannen føretok dei ei omfattande utviding. Huset hadde også vanlege husvære og hyblar. Der Tårnhuset ein gong stod vart det bygd opp att eit nytt bygg. 

Kjelde: http://www2.geoatlas.no/?p=2092

 

Alkunne:

Sognatun Kafé vart starta i 1959 av Sogn Ungdomslag i det såkalla «Tårnhuset» i Fjøra. Bygget og kaféen var nett utvida då den brann i 1965. Ein mann omkom og to andre vart alvorleg skadde i brannen.

 

I to år heldt kaféen til i ungdomshuset Solhov:

Foto Nils Seland

 

Sognatun Kafé opna att i eige nybygg like ved sparebanken i 1967, der den vart driven til ut på 1980-talet. Sognatun Kafé vart mykje nytta som middagskafe av skuleungdomen i bygda.

Ove Ask var styrar frå 1961 til 1972.

Foto Nils Seland

 

Sogn og Fjordane Ungdomslag selde eigedomen til private drivarar tidleg på 2000-talet. (Overtakande selskap, Sognatun AS, er etablert i 2003)

 

Kjelde: Hallvard Julseth


Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Sida er sist oppdatert: 10.04.2018

Tilbake til hovudsida