Lagsbruk

Kaffistova i Sandnes

Frå 1910 til ut på 1930-talet.

Eigar Rogaland Ungdomslag

 

På styremøte for Rogaland Ungdomslag den 22. mai 1909 kom det opp spørsmål om å få i gang ei kaffistove i Sandnes. Årsmøtet sa seg samd i tanken. Huset til skomaker Tjøtta i Langgata blei kjøpt for kr. 12 000 og på vårparten 1910 sto stova ferdig.

Kaffistova gjekk godt, og i 1913 synte rekneskapen eit overskot på kr. 1 133,65. Frå då tok eigarlaget ut midlar til si drift.

«Greidde seg lenge utover i dei tronge tidene, men det vesle overskotet som var gjekk i Bondeheimen sitt sluk. Etter kvart ( i 1930-åra) vart stoda så kritisk at Sandnesstova, som ein kunne få noko for, vart selt for å berga Bondeheimen i Stavanger ei tid til»

Annonse frå 1919:

 

Kjelder:

  • Den Frilynde Ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år
  • Rogaland ungdomslag 60 år