Lagsbruk

Rjukan

 

I Arkivverket sin oversikt er det lagra dokument frå Kaffistova Maana frå perioden 1955-1959. Me les i 40-årssoga frå 1962 at Kaffistova ikkje var nokon suksess, så då var det kanskje ikkje så lang levetid for dette tiltaket. Likevel: Oppslag i Aftenpostens turist- og reisehåndbok 1967, Norge rundt : «Kaffistova Måna, Sam. Eydesgt. 57».

På denne adressen finn me i 2018 kiosken «Det glade hjørne» – same navn som huset til BUL Måna. Er det ein samanheng?

 

◊◊◊

Ein privat kafé med namnet Kaffistova Folkvang var i drift alt i 1912, då BUL Maana blei skipa. Drivar var Kari Dale frå Flatdal. Kari blei medlem av det første styret i BUL Maana. Kari reiste seinare huset "Heimly" i Storgata – med sal og scene som laget fekk bruka. Det verserte tankar om at laget skulle kjøpa dette huset, men det blei ikkje noko av.

◊◊◊

 

Arkivet til BUL Måna og Kaffistova er å finna på Norsk industriarbeidermuseum på Gamle Vemork kraftstasjon på Rjukan:

Arkivverket skriv:

Bondeungdomslaget Maana
Virksomhet
Tidsrom: 1912 - 2002
Historikk

Bondeungdomslaget Maana, også kjent som BUL Måna, var et ungdomslag tilknyttet Noregs Ungdomslag i industribyen Rjukan i Telemark fylke. Foreningen drev tidvis aktiviteter for målsaka, folkekunst inklusive folkedans og leikarring for barn, kafe (Kaffestova Måna), teatergrupper, revy, skrivegrupper med mer. Fra foreningens eget jubileumsskriv til 50-årsjubileet ble utgangspunktet for bondeungdommen på Rjukan beskrevet slik:
"I anleggstida her på Rjukan samlast det ein mengde folk frå alle kantar av landet- og utlandet med. Her var ungdom frå nord og sud frå aust og vest, frå storbyar og småbyar, frå breie flatbygder til kronglute fjellbygder. Det var under desse tilhøve ikkje so rart at ungdomen, då serleg fra bygdene fann seg lite til rettes til hugnad og fritidssysler, og dryfting av sams hugmål. Dei fann då nokså snart ut at rettaste vegen var å skipa eit lag, og naturleg nokk måtte det då bli eit bondeungdomslag."

 

 

Kjelder:

Kan du hjelpa oss med meir info om Kaffistova Maana på Rjukan, så send oss ein epost