Lagsbruk

Firda kafé

Frå slutten av 1950-talet og i nærmare 30 år dreiv Firda Ungdomslag «Firdakafèen» ved hurtigsrutekaia på Gotteberg i Måløy. 

Allkunne.no

 

 

 

Turnhallen og Måløy Ungdomslag

Turnhallen med meieribygget - der Firda kafé heldt til - i bakgrunnen

Turnhallen. Begge foto: Nils Seland 2008
Ungdomshuset Friheim, på folkemunne kalla Turnhallen, som Måløy Idrettslag og Måløy Ungdomslag gjekk saman om å bygga i 1920.

Tidlerare medlem i Måløy ungdomslag, Tor Arne Gangsø fortel:
«Måløy UL og idrettslaget bygde huset og dreiv det saman nokre år.  Måløy UL blei lagt ned eller somna stille inn ein gong i tida 1930-50 (hugsar ikkje heilt)  Det som så skjedde var at songlaget (som i si tid var ein del av ungdomslaget) «overtok» eigarskapet av Turnhallen i eit tid då Ungdomslaget ikkje lenger fungerte.  Seinare var det vel unaturleg at songlaget framleis var medlem i NU, men snarare valde å bli medlem i Norges Korforbund.
Måløy UL blei starta oppatt på tidleg 70- tall og var aktiv (i mi tid), men om ungdomslaget i Måløy skulle stille krav om noko eigarskap til Turnhallen den gongen var aldri på tale.  I den tida rådde det i alle fall ei oppfatning om at det var ei tapt sak.  Så langt eg veit somna Måløy UL att på 90 talet.»

 

Tor Arne seier vidare:« Firda kafé låg i meieribygningen like ved, som også var - slik eg hugsar det bussterminal for Firda bilag. 

 

Måløy Ungdomslag

Historikk (Flykesarkivet)

Skipa 7.10.1915. Fyrste formann Henry Bautz. Eigde Friheim saman med Måløy Idrettslag teke i bruk 1921. Seinare overtok Måløy Idrettslag og Måløy Songlag huset. Teaterarbeid, folkeviseleik, hand-skrive blad 'Lauvsprett', seinare 'Kystnytt'. Med i Firda Ungdomslag. Revyarbeid.

 

 

 

Sida er sist oppdatert:

Tilbake til hovudsida