Bondeheimen i Kragerø
Annonse frå reisehandbok utgitt i 1938
Konservator Ulf Hamran (1932- ) fortel i 2014 at verksemda truleg er etablert av Fossing Bruk som eit tilbod til bønder som kom til byen med tømmer. Her fekk dei kost og losji både for seg og hesten - og dei fekk ikkje kjøpa alkohol der. Rusmisbruk var på den tida eit stort problem - ikkje minst for dei som fekk gode oppgjer for tømmeret.
Bondeheimen kan ha vore i drift så tidleg som før 1910 (foto Telemark museum). Den blei truleg nedlagt ca 1960.
Olav Tveitereid (1937- ) fortel i 2014 at Schweigaard-familien var eigar av Fossing bruk. Han fortel også at faren, Ole Tveitereid (fødd 1905) sat i styret for verksemda saman med Schweigaard i 1930-åra. Tveitereidane var ivrige samvirke-folk, og dette kan tyda på at det har vore fleire eigarinteresser til A/S Bondeheimen.
Knut With fortel om Bondeheimen i 2014
Frå nettet har me saksa:
"Et leilighetsbygg er tenkt plassert der hvor gamle «Østerrike» var lokalisert ved Bondeheimen. I «Østerrike» var det staller i 1. etasje, mens det var rom for betjeningen i Bondeheimen i 2. etasje. «Østerrike» ble revet rundt 1970."
Sida er sist oppdatert: