Lagsbruk

Hordaland med Bergen 

 

Det er snautt tvil om at Hordaland – og spesielt Bergen – var «norskdomsreir» nr 1 i den store etablerarperioden frå 1900 og utover århundret.  Det var mange aktørar og sterke ressurspersonar. Vestmannalaget var først ute:

Vestmannalaget

Vestmannalaget, landsdekkjande mållag. Organisasjonen er det eldste mållaget i landet.

Vestmannalaget blei skipa i Bergen 21. januar 1868, etter initiativ frå Henrik Krohn, for å fremje «Nordmannskapen i Landet» og vere til «sann selskapleg Hugnad».  Alle som hadde den rette vørnaden for målsaka,  kunne vera medlem. Skipingsmøtet valde Krohn til formann. Vestmannalaget fekk etter kort tid over 600 medlemslag, og fleire «filialar» vart skipa rundt om i landet. Dei gav ut tidsskriftet Fraa By og Bygd i tida 1870–79 og sette i verk ei rekkje måltiltak, som bibelomsetjingar, manuskriptkonkurransar, støtte til folkehøgskular og restaurering av Håkonshallen i Bergen, som stod klar til nyopning olsok 1898.

Vestmannalaget tok initiativet til den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen i 1914 og til forlaget Norsk Bokreidingslag, som kom i drift i 1939.

Kjelder:

  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006.
  • Sissel-Anny Hjelmtveit

C B Bugge

Cornelius Berg Bugge, forretningsmann og eigedomsmagnat som satsa alt han tente på å utvikle nynorske forretningstiltak og dermed sikra grunnlaget for både aviser, hotell og teater, men sjølv gjekk han konkurs.

Bugge var fødd i Bergen 27. mai 1865 og døydde same staden 24. desember 1934. Han dreiv kleshandel i Bergen og skipa i 1910 selskapet Norskt Herbyrge, der også Vestmannalaget, Hordalands ungdomslag og Vestlandske maallag hadde nokre aksjar. 

Gjennom dette selskapet var Bugge fødselshjelpar for og sentral investor i mange nynorsktiltak, ikkje minst fleire kaffistover og Hotell Hordaheimen. Viktig var også støtta til avisa Gula Tidend, den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen 1914­–23, tomtekjøp i 1916 til nybygg for Det Norske Teatret i Oslo (ferdig 1985), ein større aksjepost i avisa Sunnhordland i 1918, ny utgåve av Aasens Norsk Ordbog same året og garanti for Fyrebilsbibelen, den nynorske utgåva av Bibelen i 1921. 

Bugge var formann i Vestmannalaget 1908–22. 

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006 

 

Stønad/garantiar for å kunna gi ut Bibelen på nynorsk

Kåre Kolås fortel: «Bibelen kom ut på nynorsk i 1921. Som eg tidlegare har sagt og skreve så var det jo lagsbruka til BUL i Bergen som med en garanti på 200.000 gjorde det muleg å gjera ferdig Bibelen på nynorsk. (200 000 kroner i 1921 er 4 251 000 i 2018) Dette var då slik at lagsbruka til sjuande og sist 10 år seinare måtte skrive av 30.000 kr. Det var rekneskap kvart år, og kven som førde den rekneskapen, det kan eg ikkje seie ut ifrå møteboka til lagsbruka til BUL. Der er så når Bondeungdomslaget i Oslo i 1916 skriv at dei gjorde mykje for den nynorske Bibelen, så står det samtidig at i det året så bevilga dei 170 kr. No er ikkje dette noko spark til BUL i Oslo, men det viser altså at lagsbruka til BUL i Bergen og C B Bugge var dei som fekk vei i vellinga.»

 

Andre aktørar:

  • Fylkeslaga i Noregs Ungdomslag  i Sogn og Fjordane
  • Ungdomslaget Nordhordlendingen
  • Hordalands/Hordaland Ungdomslag
  • Bondeungdomslaget i Bergen
  • BUL Ervingen
  • Vestlandske mållag

Eit eksempel på omfang og dramatikk kan me finna i boka «Den Frilynde Ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år» – der dei i 1921 skriv om Hordalands Ungdomslag: 

«Dei forretningstiltak Hordalands ul. no er med i er:

  • L/L Norskt Herbyrge, Bergen
  • L/L Gula Tidend, Bergen
  • L/L Landsbanken, Bergen
  • L/L Hordaheimen, Bergen
  • L/L Bondeheimen, Voss
  • L/L Folkvang, Stord
  • L/L Sunnhordland, Stord
  • Den norske kunsthandverkskulen, Voss (eineeigar i 1921)»

 

Så kom det store økonomiske krakket, og i 1923 vart fylkeslaget slegen konkurs og miste alle aktiva. Kunsthandverkskulen på Voss gjekk over til staten og fylkeslaget måtte nyskipast med ei lita endring i navnet, Hordaland Ungdomslag (utan s).

***

 

Året 2018 har heller ikkje vore oppløftande for rørsla: Oppslag i Bergensavisen april 2018:

 

***
 

Gimle – flaggskipet til BUL

Gimle. Foto: Nils Seland 

 

Bruk i aktivitet i 2019:

  • Lagshuset Gimle, Kong Oscars gate 18. Kjøpt i 1915.
    (Ervingen var eigar fram til samanslåinga i 2005) 
  • Lagshuset Fensal. Kong Oscars gate 15. Kjøpt i 1965.

Eigarlaget 2019:

Bergen ungdomslag Ervingen, skipa 2. mars 2005, er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.

I dag er laget eigar av aksjeselskapet Ervingen Lagsbruk a/s, som er morselskap i eit konsern med dotterselskap.

Dotterselskapa er Ervingen Kulturhus a/s, og Ervingen Eigedom a/s. 

Link til Bergen ungdomslag si nettside:     http://bergen.ungdomslag.no/lagsbruk/   

  

 

Historiske bruk som BUL har vore involvert i:

Dette er bruk som har vore knytt til BUL, men som er nedlagt eller seld ut av rørsla pr. 2018:

Hordaheimen, C. Sundtsgt. 18. Etablert 1917. 

(Seld mars 2018.)


Hotellet blei utvida gjennom åra ved å overta Standgt. 75, 77 og Holtegården.
Hordastova, C. Sundtsgt. 18 
frå 1918.

Skytningsstova Strandgt. 77.: Den første opna 1903 i Strandgata 77. Etter byrettsdom i 1922 måtte Ervingen flytta. Hordaheimen overtok, og den blei lagt til hotellet. 

1912–2009:

Soga frå 1917 til 1932 
Lutlaget som dreiv hotellet frå starten likviderte i 1932 og overførte eiga og skuld til L/L Kaffistova til Bondeungdomslaget i Bergen/

  • Lagsbruki til Bondeungdomslaget i Bergen L/L
    Namneskifte i 1963. 
  • L/L Hordaheimen
  • AS Novus 1979–199x  

Selskap pr. 2013: 

  • - HORDAHEIMEN AS.
    - LAGSBRUKI TIL BONDEUNGDOMSLAGET
    - BEST WESTERN HOTELL HORDAHEIMEN 

Kafé Bergenhus, 

Strandkaien 4. 
Eigar: Vestlandske salgslag/ Fellesmeieriet. Hordaheimen sto for drifta nokre få år. Private overtok drifta først på 1990-talet.

 

  • Kafé Bergenhus: Drift i leigde lokaler 1980–1990

 

  • Kaffistova, Torget 1.
  • Torget 1 med Søtholet 3: 1913–1995.
    Norskt herbyrge gjekk saman med BUL og skipa 
    L/L Kafiistova til Bondeungdomslaget i Bergen. Dette lutlaget fekk i 1912 skøyte på eigedomen Torget 1.

 

  • Kaffistova Paradis

 

 

  • 1967–1987. Tidl.: Paradis Konfekt- og Thesalong. 
  • Kaffistova Løvstakken. (Kafé Løvstakken LL) Danmarks plass.
  • Lagsbruki garanterte for Hordaland Ungdomslag, som saman med Sognalaget i Bergen dreiv denne kaffistova på Danmarks plass frå 1960 til ca 1980.
  • Cort Piil-Smauet 7. Hybelbygg 
 
  • Hybelbygg/apartement og administrasjonskontor. 
  • Arnastova, Indre Arna 
  • Arnastova L/L ,tidlegare Arna kafe, saman med Vestlandske Mållag og Hordaland Ungdomslag. (1965–1970)
  • Isbaren Snorre 
 
  • I møtehuset Fensal 1966–1974. 
  • Selsvik gard  
  • Lagsbruki leigde garden hjå laget (BUL) og  stod for gardsdrifta med tilsett gardsstyrar – frå 1965 vart garden pakta bort. 

 

Historiske bruk Ervingen

  • Skytningsstova til Ervingen, Strandgt. 77 (1903–1922)

 

 

Ervingen opna den første Skytningsstova i Strandgt. 77 i 1903 og dreiv den til BUL overtok etter byrettsdom i 1922–1923. Stova låg i same kvartalet som Hordaheimen. Den blei lagt til hotellet. Inventar ved Helene og Magnus Dagestad.

  • Skytningsstova aat Ervingen på Torget. Adr. Torget 15. 

I drift frå 1907 til 1918

  

  • Matsalen Symra i Håkonsgate  39. (1918–1941)

I 1929 kjøpte Ervingen Håkonsgt. 39 og opna Matsalen Symra,  som vart driven fram til 1941.

  • Skytningsstova/Matsalen til Ervingen, Gimle, Oscarsgt. 15. 

Det gamle Dampkjøkkenet i Gimle blei gjort om til Matsalen Gimle. (1920–1924) 

  • Ei lita kaffistove i lagsrommet i 2. etg.  i Gimle. Tok over etter Matsalen i 1. etg. 

Frå ca 1924

  • L/L Kaffistova til Ervingen i Torgegaarden, Strandkaien 2B

Frå 1927. Kaffistova til Ervingen AS (seinare Ervingen AS hadde vél 40% av aksjane i Torgegaarden, men selde seg ut. Frå 2009 har dei ingen eigardel. ) Stova nedlagt 16/4-2003.

Rørsla har hatt verksemd både i Strandkaien 2, 4 og 6.

Historiske bruk i regi av andre aktørar i rørsla:

LL Norskt Herbyrge 1910–1923 (Aksjonær i Firda og Sygna Herbyrge.) 

LL Norskt Herbyrge i Bergen skipa 7. mai 1910 av Vestmannalaget, Hordaland Ungdomslag og Vestlandske Mållag.  

(Selskapet var seinare med på å skipa Landsbanken) 

LL Firda og Sygna Herbyrge 

(1912–1923). 

I drift frå januar 1913.

«Herbyrge og Skytningsstova på hyrna av Muren og Strandgata»

Adr.: Strandgaten 53. (frå 1910)

«Sumaren 1916 selde LL Firda og Sygna herbyrge eigedomen sin Strandgaten 53 og kjøpte Smeby hotel, Strandgata 107, 108 og 120. Dei skulle halda fram drift i Strandgata 53 i seks år, og sidan oktober 1916 hev dei drive herbyrge både der og på Smeby hotel.»

«Den 6. april  1912 vart det skipa LL Firda og Sygna herbyrge. Med i selskapet er: Firda ungdomslag, Firda  Maallag, Sunnfjord ungdomslag, Sogn ungdomslag og Norskt herbyrge. Dette lutlaget kaupte same vaaren eigedomen Strandgata 53»

Firda_Sygna_Herbyrge.pdf

 

Firda og Sygna Herbyrge annonserer i Firda folkeblad i 1920. 

 

(Firdastova og Firdaheimen «på øvre sida av gata»)?

(Nr. 107 seld i 1920)

 

Allkunne: I det som tidlegare var Smeby hotell kom «Firdaheimen» med mellom anna den kjende kaffistova «Firdastova», som opna i 1917.

 

 

Torgalmenningen 8

Kjøpt 1910 m. 3 års leigekontrakter.

Eigar: LL Norskt Herbyrge i Bergen    (Ikkje kaffistovedrift)

Denne garden blir seld for å investera i Rådstoveplassen.

Vestmannaheimen (1914–1935)

Tomt: Rådstuplassen 3 og Vestre skostræte 3 og 5.

I 1917 skøytte Norskt herbyrge frå seg Raadstoveplass 3 og Vestre Skostrete 3 og 5 til Landsbanken, men Vestmannaheimen skal halda fram drifta der i 6 år (til 1935).

Eigedomen blei i 1935 tomt for Vestlandsbanken sitt nybygg.

 

Første eigar er selskapet LL Norskt Herbyrge. Dette selskapet gjekk konkurs i 1923, men Vestmannaheimen blei kjøpt ut av buet, drive vidare av lokale forretningsfolk og seinare førd tilbake til aksjonærane i LL Norsk Herbyrge.Dreiv så fram til 1935 i regi av selskapet L/L Vestmannaheimen.

 

Annonse i Firda Folkeblad 1920: «Raadstoveplassen 3, beint imot Posthuset og Raadhuset i Bergen.  

Husvære og Matsal».

(Bare nr. 1 og 5 finst i adresseregister 2013)

Norskt Herbyrgje går inn i Firda og Sygna Herbyrge

(Vestlandske mållag 1904–1954 side 78–79)

 

Bank 

L/L Landsbanken frå 1914 til 1923 

Vestlandsbanken frå 1926 til - -

(Statsarkivet i Bergen har arkivet til Landsbanken og Vestlandsbanken)

«Frå 1914 sette Vestmannalaget i gang eit arbeid for å få til ein nynorskbank i Bergen – det som vart Landsbanken. Under bankkrisa i 1923 måtte Landsbanken  gi opp. Vestlandsbanken, som vart starta i 1926, tok då over restane og førte vidare det arbeidet som Landsbanken hadde tent til inspirasjon for».

 

Tilført kapital frå BUL til etablering av Vestlandsbanken.

(Kåre Kolås)

L/L Bygdehuset i Bergen skipa 1962.

- Lagshus/møtestad for bygdelaga

- Heim for landsungdom (hybelhus)

At dette ikkje blei noko av, kanvera ei årsak til at Hordaheimen kjøpte handtverkarlosjen Fensal i 1965 til lagshus. 

(Grunnen var at lagsverksemda uroa ei profesjonell hotelldrift i C. Sundtsgt.) 

Kåre Kolås første leiar. 

(Tiltaket blei ikkje realisert. Selskapet oppløyst i 1982–83)

 

Kjelde:  

  1. Bygdelagsnemndi i  Bergen 1939–1964 
  2. Møtebok (1962–1968) og rekneskap (1962–1983) for L/L Bygdehuset i Kolåsarkivet (Statsarkivet).

Nordhordlandsstova, Strandkaien 6

Eigarlag: Nordhordlendingen.

Selskap: Nordhordlandstova L/L

Frå sogeskrift tidleg på 1960–talet:

Etablert 1933. Seld sist på 1960–talet. Pengane frå salet blei brukt til å kjøpa lagshytte på Kvamskogen.

Voss 

1. Bondeheimen   ( 1910–1923) 

 

 

 

 

 

2. Kunsthandverkskulen:
HU var eigar aleine til 1923. Dagestad var leiar.

 

 

3. Voss Folklore

1. Hordaland Ungdomslag (HU): (frå sogeskrift 1921)

Laget tente godt som partnar i Norskt Herbyrge/Firda og Sygna herbyrge, og det står: I Bergen, Voss og på Stord kjøpte HU hotell som dei dreiv. I 1923 vart fylkeslaget slegen konkurs («buslit») og desse verksemdene blei tvangsavvikla.

 

2. Kunsthandverkskulen gjekk over til staten ved HU-konkursen i 1923.

 

 

 

3. «Folklore-lagsbruk» Voss ul. (frå 100-årssoga).

Stord 

L/L Folkvang Gjesteheim og Kaffistova, Leirvik

Skipa av LL Norsk Herbyrge i 1918.

Truleg avvilka/seld i 1923 i forbindelse med HU-konkursen.

 

Boka Sunnhordlandslekter (1941): Helene O. Vatne f. 1896 driver Folkvang hotell, Lervik (i drift i 1945)

Avisa L/L Sunnhordland

Hordaland Ungdomslag var største luteigar

 

 

Liknande forretningstiltak i Bergen i regi av andre organisasjonar eller privatpersonar

 

Bondeheimen, Kong Oscars gate 22

Annonserer i Firda folkeblad 1920 og 1921.: «Gjesterom i 3., 4. og 5. høgdi i Hordalands meieri. Kaffistove i 2. høgdi»

 

Dette har vore ei privat bedrift skipa og drive av meierisamvirket.

Foto i boka om Hordaland meieri frå 1949

 

Oversiktsfoto frå 2018

 

 

 Kaffistova til

Dina Sletten AS

«Fortegnelse over firmaer i Bergen som er slettet i henhold til lov av 11. nov. 1943».

Kjelde: Handelsregistre for Kongeriket Norge 1946

 

Kaffistova i Bryggesporden 2.

 

I 2018 er dette MacDonald's

 

 

 

 

Me kan ikkje finna at dette har vore ei Kaffistove i rørsla

(C Sundtsgt/

Holbergskaien)

 

 

Google-foto frå C Sundtsgt. frå 2018

   

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:

 

 

 

 

 

 

Sida er sist oppdatert:

Tilbake til hovudsida