Lagsbruk

Haugesunds Mållag

«Haugesund Mållag og Ungdomslag» frå 1990

 

1. Den første Kaffistova (Søra Kaffistova) opna 20. nov. 1910

 

Over: Interiør frå den første Stova.

 

I 2. etg. i dette huset, Strandgata 119, blei den første Kaffistova i Haugesund etablert i november 1910.

(Foto frå 2005, men huset er omtrent som det var den gongen)

 

Denne Kaffistova blei i 1925 flytta til Haraldsgata 126/Landmannstorget.

Her gjekk det også godt, og den blei utvida i 1938. I drift til utgangen av 1970.

 

Etter 1. sep. 1967 hadde laget bare denne stova att, men den var då sterkt nedsliten og måtte pussast opp. Men oppussinga gav ikkje venta resultat, og i november 1970 blei den lagt ned. Med dette var «kaffistove-æraen» i Haugesund over.

 

2. Tomtekjøp og langsiktige planar.

Drifta av denne første Kaffistova gjekk så godt at ein alt i 1913 tok opp spørsmålet om kjøp av eigedom, og kjøpte då Strandgata 103. Denne eigedomen blei utvida i fleire omgangar med tanke på større byggeplanar.

Strandgata/Haraldsgata/Nygata.

Det blei arbeidd med mange og store planar for denne tomta, men det enda med at forsikringsselskapet Glitne (nå Gjensidige) kjøpte eigedomen i 1967. Nettoforteneste på tomta blei kr. 755.000.

 

3. Nora (nordre) Kaffistova

I Telefongarden på Torget (Torggata/Haraldsgata) Haraldsgata 161, hadde laget si «Nora Kaffistova» med lagsrom - i leigde lokaler i 2. etg. frå november 1913.

Avslutta i 1967.

 

4. Hotell Kong Harald

Haraldsgata 146 fotografert i 1956. Her leigde Mållaget dei tre øvste etasjane til hotell, og seinare leigde dei hjørnehuset til høgre på bildet for å utvida hotelldrifta. Hjørnehuset blei seinare kjøpt av Mållaget.

Interiør frå hotellet, som opna i november 1937 og blei byens fremste «representasjonshotell» fram til Hotell Saga kom i 1959. Drifta stoppa i 1959, og eigedomen blei seld i 1964.

 

5. Haugesunds Avis

 

Haugesunds Avis (Allkunne.no)

Bortsett frå to krigsår har Haugesunds Avis kome ut utan stans sidan 1895, då avisa blei etablert av Bernt G. Seland. Han heldt det gåande heilt til han forlét avisa i 1912. Deretter mobiliserte Venstre-folka i byen kreftene sine og fekk skrapa saman kapital nok til å overta. Knut Markhus blei den første redaktøren etter Seland. 

 

Bernt Seland var også ein av støttespelarane til Mållaget - i tillegg til at bladet var redigert på nynorsk og proklamert som Venstre-avis, var det derfor sterke band mellom dei. Med knapt fleirtal avslo Mållaget likevel å bli med på å overta avisa i 1912, men då nye problem oppsto i 1922, så bidrog Mållaget med lån på til saman heile 30 000 kroner til avisa. Lånet blei tilbakeført til laget i form av aksjar, som i første omgang gav laget ein eigarandel på 12,5%. Seinare auka andelen til 17,5% og laget fekk fast plass i avisstyret. I 1990 selde laget resten av aksjane dei hadde i avisa til ein sum på i alt kr. 10.534.000,-.

 

6. Kvalatun

 

Noko av midlane frå salget av aksjar i Haugesunds Avis er brukt til å reisa lagshuset Kvalatun.

Foto: Nils Seland

 

Kjelder: