Lagsbruk

Kaffistova Trondarnes, Harstad

(Annonse i Haalogaland frå 1913)

 

I dette huset (Strandgata 20B) låg den første Kaffistova i Harstad

(foto Ann Mari Salberg 2018)

Her ligg huset til den første Kaffistova - like ved Thon-hotellet i 2018

 

Interiør frå Kaffistova i Strandgata

 

  •  

  •  

  • UNDER:

  • Reproduksjon av tre fotografi av Kaffistova. Alle tre viser bord og stolar i kaféen. Den første Kaffistova låg i Strandgata.

    FOTOGRAFERING 1910 - 1920  FOTOGRAF Magdalene Norman
  • Digitalt museum

 

Interiør frå den første Kaffistova i Harstad. (Digitalt museum)

 

Kaffistova Trondarnes i Rich. Kaarbøsgt. omlag år 2000 (Foto Nils Seland)

 

 

Arkitektnytt 2005/16: Møtet med hamna i Harstad
"Mange som har besøkt Harstad, har trådt i land på den gamle dampskipskaia som Kaarbø fikk bygd i 1890. Det gamle administrasjonsbygget fra 1920 er tatt godt vare på. Alt ved første steg markerer arkitekt og byggherre Sigurd Bjørhovde seg. Hvis du har god tid, er det bare noen skritt opp til Kaffistova i Sjøgata, reist av en Elias Hoel i 1883 og restaurert 102 år senere med Gunnar Lund som arkitekt, et trivelig sted også innvendig, med ujålet atmosfære. Disse to byggene er litt karakteristiske for mangfoldet i arkitektur. "

******************************************************************

Historia før Kaffistova

I boka "Ved egne krefter" - Harstads historie 1904-2004, ISBN 82-996787-0-6 står det på side 53: 
"Før Kaffistova ble etablert drev Ole Bottem med hotell-, kafé- og stedets første krovirksomhet i byggningen under navnet Britania. Bottem kom tidlig til starndstedet og kjøpte bygningen av Elias Hoel." 

Dersom Ole er av samme slekta er det vel trolig at dette var i samme bygget. 

Kaffistova Ligger i Richard Kaarbøs gate 6, se: 1881.no

******************************************************************

Historia til Kaffistova i korte trekk:

Kaffistova var eigd av Troms Ungdomsfylking, som er eit fylkeslag i Noregs Ungdomslag. Kaffistova  blei etablert i 1911, og etter 8 års drift i leigde lokaler i Strandgt. - blei garden i Rikard Kaarbøsgt. 6 kjøpt. Her heldt Kaffistova til fram til den blei lagt ned i 2011 - i ein av dei eldste bygningane i Harstad.

 

I 1987 blei Kaffistova ombygd og modernisert. Det blei då bygd større og mindre kurs/møte- og selskapslokaler i 2. etasje. I den største salen kunne det dekkast til ca 40. personar. I 3. etasje var det eit triveleg lite lokale i friske fargar - svært godt egna til f. eks. styremøter og andre smågrupper.

 

I kaféen sto dei gamle tremøblane som kunstnaren Lars Kinsarvik laga til Kaffistova i 1920.

Bileta på møblane fortel historia  om Tore Hund frå Trondenes.

 

I alle år hadde Kaffistova ord på seg for den gode, heimelaga maten, og Kaffistova var lenge den leiande middagskaféen i byen.

 

Harstad Tidende. Publisert: 26.10 2011:
"Styret i Kaffistova Trondarnes AS og eierstyret i Troms Ungdomsfylking, har vedtatt å avvikle driften av Kaffistova i Harstad, etter snart 100 års sammenhengende kafedrift i det tradisjonsrike bygget nederst i Gågata".

 

Biletet over: Ombygginga på slutten av 1980-talet  var omfattande og svært kostbar. Ein fekk nytt, moderne kjøkken og kontor, men ikkje meir "salgsflate". Derfor blei dette tyngande på økonomien den siste delen av kaffistovehistoria.

Ann Mari Salberg

Ann Mari blir heidra for sin mangeåriege innsats som styrar for Kaffistova i Harstad av ordføraren under eit arrangement i 2003.

 

Martinus Heide

Var i mange år mellom dei aktive, lokale drivkreftene bak Kaffistova. Han førde rekneskapen for bedrifta i ein lang periode og var med i styret.

 

 

Etter at Kaffistova blei lagt ned i 2011,

så kom Kinsarvikmøblane til Røkenes gaard.