Lagsbruk

Kaffestova i Elverum

   Provisorisk drift av Kaffistova i Storgata. Foto frå 2. verdskrigen (sjå solfuglmerket i smijern på gjerdet).

  Foto: Murud, Per M. (1895 - 1980) Glomdalsmuseet.

 

Her – i 2. etg. i Storgt. 20 heldt Kaffistova til frå gjenoppbygginga etter andre verdskrigen og fram til den blei lagt ned i 1972.

 

 

Interiør frå Kaffistova Elverum. Foto Dagfinn Grønnoset (Digitalt museum)

 

Interiør frå Kaffestova (Foto: Glomdalsmuseet.)

Jon Låte: Elverum kaffestove;
Det var Halvor Floden som visstnok var initiativtakar. Stova låg midt i Leiret, andre etg. i eit bygg kalla «Borgen». Var iallfall der etter krigen. Det var nytt bygg ca 1945 i og med at Leiret vart bomba. Når den vart skipa, veit eg ikkje. Men stova vart nedlagt ca 1972, selt, og Elverum Mållag sat att med ein del pengar. 

Eg var med og fann kassane med rekneskapen etter Kaffistova ca 1983/1984 i høve ein arv til Glomdalsmuseet frå folket etter Tina Floden (søster til Halvor) og Asbjørn Bru (Sørskogbygda, med slekt frå Strandebarm)
Museet ville at rekneskapen skulle takast vare på, og den vart deponert i magasinet på Glomdalsmuseet. 
Om rekneskapen framleis er på museet, veit eg ikkje men det kan sjekkast. Eg veit at Austmannalaget sitt arkiv er havna i Riksarkivet  på Hamar - overført frå Glomdalsmuseet ca 2015-16 kanskje følgde Kaffistovearkivet med dit? Det er i allefall ordna og kan søkjast i.

 

 

 

Kjelde:

Det Norske næringsliv. 11 _ Hedmark fylkesleksikon - 1953 Nasjonalbiblioteket