Lagsbruk

Oversikt over dei tradisjonelle lagsbruka knytt til rørsla

Med «rørsla», så meiner me her organisasjonane Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag med deira lokal- og fylkeslag.

Bruka blir presentert fylkesvis rundt kysten frå nord til sør. I enkelte tilfeller er det andre grenser i organisasjonane sine fylkeslag enn det er i dei formelle fylkeskommunane. Her er nok ikkje oversikten alltid heilt konsekvent.

I denne oversikten vil det vera uferdig informasjon ennå ei tid framover, og her inviterer me alle som kan koma med supplerande opplysningar om å senda oss ei melding.

Og bondegutar fekk stål i sind,

so flutte dei bygda til byen inn.

Og midt i ståket og framand sveim

dei bygde ein storfelde bondeheim.

Der koka dei kaffi og rjomegraut

så endåtil byfiffen smaka laut.

Og der var ungdoms møtestad,

der kjende han seg både trygg og glad.

(Frå boka Romsdal Ungdomssamlag 1895-1970)

 

Oversikten nedanfor er pr. desember 2018 i ferd med å bli relativt komplett, men vil bli supplert med tilgjengeleg arkivstoff under arbeidet vidare.

Har du informasjon om nokon av bruka, så vil me setta stor pris på om du deler den med oss. (epost)

Om du ikkje finn navnet du leitar etter her, så kan det henda at dei er lagt under ei eiga side for kaféar og hotell med liknande navn, men i privat eige. http://www.lagsbruk.no/Brukutanforrorsla.htm

Troms og Finnmark

Kirkenes                                                                Les meir om - - -

    Kaffistove  Eige hus, Malmklang frå 1924. Kaffistove og kinodrift.
    Vadsø                                                                     Les meir om - - -
   Kaffistove

 Ungdomslaget «Vårbrudd» hadde eige hus frå 1914.

Kaffistova var i drift frå 1915 til 1959. Kino frå 1928.

    Hammerfest                                                              Les meir om - - -

Kaffistova «Finnmarkheimen» frå 1920.

 

Omtala i TUF-soga frå åra 1922-1923. Då var stova i økonomiske vanskar og TUF blei beden om å gå inn i bergingsarbeid. TUF har tidlegare støtta eigaren, Troms mållag med lån til drifta. Garden til Finnmarksheimen blei seld på auksjon i 1924.

Skjervøy                                                                     Les meir om - - -

Kaffistove

 

Nemnd i Troms Ungdomsfylking (TUF) si historie.

 

Tromsø                                                                Les meir om - - -

  • LL Kaffistova i Anderson-gården på Torget. (frå 1916)
  • Sagatun/Saga hotell,
    Rich Withsgt. (I drift i 2013)
  • Kaffistova i Renen-gården på Torget.
  • Matkjellaren på Lærarskolen
  • Kroken

 

 

Kjelde er jubileumsskriftet til:

Lottlaget Kaffistova åt Bondeungdomslaget i Tromsø.

Les meir her:

Bondeungdomslaget i Tromsø i 25 år : 1914-1939

”Kaffistova i Sjøgata 43”

Eigar: Troms (Trums) Ungdomsfylking

Lokalhistoriewiki   og bilete:

«I 1916 var kaféen erstattet med «Kaffistova» til ungdomsfylkingen (Norigs Ungdomslag), «god og billeg mat, mange blad». Nå var Marianne Lydersen bestyrerinne. Karen Brorstad drev «Kaffistova i Sjøgata» på 20/30-tallet, i 1940 var Randi Sandeggen husmor. I 40 år drev Troms ungdomsfylking «Kaffistova» i de samme lokalene, i sørenden av huset, til Anna Michalsen overtok med 'Kaffestua kafé' »

Finnsnes                                                                Les meir om - - -

Finnsnes hotell

 

Opprinneleg eineeigar Troms Ungdomsfylking (TUF).

Etablert/bygd sist på 1940-talet.

I drift i 2013 med fleire aksjonærar:

TUF 50%, Saga hotell AS 46% og Tromsø Travel Hotel AS 4%

Frå 2014: Saga hotell AS 86% og Tromsø Travel Hotel AS 14%

Harstad                                                                Les meir om - - -

  • Kaffistova, Rich Kaarbøsgt. 6. (1912-2011)


  • Trondarnes folkehøgskole

 

  • Eigar Troms Ungdomsfylking (TUF). «Melkekua til TUF» i mange år.


  • Skolen har motteke stor pengestønad frå lagsbruka i Troms - både til etablering og drift.

Andre tiltak                                                                Les meir om - - -

Bladet Midnattsol

Starta av fylkeslaget. Levetid ca 40 år.

Starta under 1. verdenskrigen. Hans Eidnes og Marius Evjeberg har vore redaktørar kvar sin periode.

Kjelde: Troms Ungdomsfylking 1905-1980.

Lofoten og Vesterålen Ungdomslag var også involvert i tiltaket.

 

Nordland

Andenes                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova

Opna 1917 og la ned i 1919. «Fekk ikkje brukande styrar».

 

Risøyhamn                                                                 Les meir om - - -

Andøyheimen

Kjøpte Risøyhamn Gjestgiveri i 1953. Hovudeigar Andøy Ungdomsfylking. Lofoten og Vesterålen Ul eig 9 aksjar i 1956. Kjelde: Frilynt ungdomsarbeid i Nordland - eit 50-årsskrift.

Sortland                                                                 Les meir om - - -

1. Kaffistova

2. Bondeheim (Truleg ikkje i rørsla)

Opna i 1922 m. innbu frå stovene på Andenes og i Melbu.

I drift til 1975.

Melbu                                                                 Les meir om - - -

Bondeheim og Kaffistove/Hadselheimen

 

Svolvær                                                                 Les meir om - - -

Bondeheimen

Kaffestova

 

Opna 1910. Eige hus frå 1912.

Fylkeslaget var eigar aleine fram til 1922.

Var i drift til omlag 1980.
«Kaffistova Dancing» var eit av dei siste konsepta der.

Kabelvåg                                                                 Les meir om - - -

Vågan Folkehøgskule

Husmorskule om sommaren

Kjøpt av Lofoten og Vesterålen Ungdomslag/Kaffistova Svolvær i 1914/1915.

Gav den til Høgskulelaget Nordlendingen i 1922.

Leknes                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova Leknes A/S

1962- ?

Narvik                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova Tøttavangen, Dronningensgt. 56

Gamle Narvik

Inventar 

Kinsarvikmøblar

Bodø                                                                 Les meir om - - -

Kaffestova

 

http://www.arkivportalen.no

Artikkel om Kaffestova av Svein Terje Holtleite, BUL Bodø motteke februar 2014.

Mo i Rana                                                               Les meir om - - -

Kaffistova, Nytorget

Bilete frå Mo - truleg frå 1950-talet.

Kaffistova heldt til i 2. etg. i huset ytterst til høgre.

Sandnessjøen                                                                 Les meir om - - -

     (i regi av fråhaldsrørsla)
   Mosjøen                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova, C M Havigs g 5. (i 2018)

 

 

 

 

Vefsn Folkehøgskole, Toppen.

Kjelde: «Oplysning være skal vor lyst» :

Vefsn folkehøgskole 1899-1999

 

Lokalhistoriewiki: «Drukkenskap og fyll var et sosialt problem i Mosjøen. Lett tilgang i kombinasjon med nedgangstider og arbeidsløshet, var forhold som bidrog til det. Blant andre avholdsbevegelsen og arbeiderkvinnene i Mosjøen, kjempet for forbud. Tidlig oppstod ønsket om spisesteder uten alkohol, og allerede på begynnelsen av 1900-tallet ble blant annet Kaffistova åpnet.»

Vefsn Folkehøgskole var direkte eigd av Hålogaland Ungdomslag frå 1949 til ca 2010. Hilmar Rørmark var styrar frå 1949 til 1970.

 

Hemnesberget                                                                 Les meir om - - -

 

 

Nordlands avis skriv: «I 1923 ble muligheten for å få reist  en kaffistove med herberge som lagsbruk diskutert. Det førte ikke til noe resultat».

Det var likevel ei Kaffistove der i ein periode, men den var i privat regi.

 

Brønnøysund                                                              Les meir om - - -

  • Bondeheimen Gjestgiveri, Masterberggt. 47

     

  • Hotell Bondeheimen,
    Valveien 11

 

 

Plan for lagsbruk drøfta i Sør-Helgeland Ungdomslag i 1933. Kjøpte Hotel Fønix i 1945. Dreiv Bondeheim. Registrert i 1954. Brann 1955

 

Nybygg etter brannen. Ferdig i 1959.

Seld 1963. Vidare som Torghatten hotell og seinare

Thon-hotel (2017), ny adr. Sømnaveien 98.

 

Trøndelag

Nord-Trøndelag Naumdøla og Inn-Trøndelag fylkeslag

Rørvik                                                                Les meir om Rørvik Kaffistove

Kaffistova

 

Etablert av Naumdøla ul og Naumdøla mållag i 1913.
Heile Kaffistove-miljøet er rekonstruert på

Kystmuseet i Nord-Trøndelag, Woxengs Samlinger.

   

Namsos                                                                 Les meir om - - -

  • Grand Hotell Bondeheimen, Kirkegt. 7

  • Naumdøla kaffistova, Kirkegt. 7

 

  • Opna 1909. Eigen gard frå 1917.
  • Eigar: Naumdøla mållag.
  • Bygd opp att etter 2. verdskrigen.
  • Seld på 1980-talet.

Steinkjer                                                                 Les meir om - - -

  • Grand Hotell, Kongensgt. 37
  • Bondeheimen si Kaffistove, Nordsida (Grønnegata)? Opna 1918.
  • Havnekaféen.

 

  • Inntrøndelag Ungdomssamlag var eigar av Grand hotell til ut på 1980-talet.
  • x
  • Eigar Inntrøndelag Ungdomssamlag. Starta av Gunnar Børstad. IU hadde kontor i same bygningen.

Levanger                                                                 Les meir om - - -

L/L Kaffistova, Jernbanegt. 15

Nedlagt 1990

 

Verdal                                                            

 

Kaffestova Verdal: Fråhaldsrørsla var eigaren.

Stjørdal                                                                 Les meir om - - -

BP-Kafeen

Dette var Inntrøndelag Ungdomssamlag sin kafé .

Lokala finst på Circle K-stasjonen på Stjørdal i 2017.

 

Neadal, Orkladal, Gauldal, Ut-Trøndelag fylkeslag. Røros høyrde til fylkeslaget i Østerdalen.

Trondheim                                                            

 Meir om Bondeheimen og Gildevangen
  • Gamlestova (Kaffistova)
    Nordre gate 26 
  • Hotell Bondeheimen,
    Søndregt. 22 B
  • Kaffistova Gildevangen,
    Søndregt. 22 B

 

 

Hotellet seld til Olav Thon-gruppen 1992.

Laget fekk ein langsiktig bruksavtale på lagssalen.

  Meir om Trønderheimen
  • Hotell Trønderheimen, Prinsensgt. 27.   (1913-
  • Kaffistova, Prinsensgt. 27
  • Hårek (Gatekjøkken)

 

Hotellet seld til Olav Thon-gruppen 1985

Engasjement i Rørosheimen fram til 1992.

  Kaffistova i Olav Trygvasons gate 34    Madsens Kaffistove (privat) 

 

Orkanger                                                            Les meir om - - -           

 

Starta som lagsbruk

I drift i privat regi i 2018

 

Møre og Romsdal

Nordmøre Ungdomslag, Romsdal Ungdomssamlag, Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag

Kristiansund                                                                 Les meir om - - -

Bondeheimen (Hotell Fosna) Kaffistova

 

Eigar var Fosna Mållag.
Norske ungdomstiltak (1935): Marmorgarden. Bondeheim (40 rom) og Kaffistove. Veggmåling av Jonas Peson.
Brann og nybygg.

Adresse: Hauggata 16, 6509 Kristiansund.

Nordmøre Ul prøvde lenge å få til lagsbruk,
men det blei ikkje til noko.

Molde                                                                 Les meir om lagsbruka i Molde

 


  1. Gimle, Hamnegata 35
    Start 1970. Drift i privat regi frå 1990.

  2. Torgstova, Storgata 42
    Start 1959. Nedlagt ca 1979.

  3. Storgata 19:
    Bondeheimen og Kaffistova frå 1920 til brannen i 1940.
    Romsdalsheimen og Kaffistova i nybygg frå 1949 til sist på 1980-talet.

  4. Kaffistova (1908-1920)
    Kaffistova opna 4. januar 1908 i «2den etage i advokat Stuevold-Hansens gård, den gamle telegrafgården».

  5. Hotell Phoenix – som blei kjøpt  i 1926 og døypt om til Romsdalsheimen, og som brann i 1940.

Eigarlag: Romsdal Ungdomssamlag

 

  1. Gimle
  2. Torgstova

  3. Storgt. 19
    Kaffistova og Bondeheimen (1920-1940). RU kjøpte hotell Central og bygde om og bygde på huset. Åpna 17. januar 1920. Brann under bombinga 29. april 1940. Garden låg der Romsdalsheimen og Kaffistova vart bygd etter krigen - Storgata 19 i dag. Kaffistova hadde midlertidig drift under krigen og i dei første åra etter.
    A: i Romsdalsgata 18 frå 2. juni 1940. (I leigde lokalar).
    B: i Solemdalgården i Strandgata 2 frå desember 1940
         til ca 1949. (I leigde lokalar).

    Romsdalsheimen og Kaffistova åpna etter krigen i nytt, eige bygg 9. september 1949. Arkitekt Ivar Bjordal, entreprenør Christie & Opsahl. Matsalen i andre etasje blei bygd og tatt i bruk i 1963. I drift som lagsbruk til (1987-1989?)

  4. Kaffistova (den første) Huset låg på vestsida av krysset Storgata/Myrabakken. I 2013 ca. Storgata 25 (Breche-gården).

  5. RU kjøpte hotell Phoenix i 1926 og bygde det om til Romsdalsheimen. Bygget låg på nordsida av Storgata heilt i vest. Brann under bombinga 29. april 1940. Ca Storgata 11 i dag.

Ingen lagsbruk att pr. 2013.

Dokumentert med bilete i Digitalt Museum

Kjelde: Ola Gjendem

 

 

Ålesund                                                     Les meir om - - - - - -

  • Løvenvoldgt. 2 (Den første Kaffistova. Opna 7. juni 1905 i leigde lokaler og var i drift til 1928)
  • Kaffistova dreiv vidare i 2. etg. i Lorkenesgt. 3. Opna desember 1928
  • Gjestestova, Notenesgt. 14. Opna 1920.

 

Eigar: Sunnmøre fril. Ungdomssamlag – etter kvart via selskapet Sunnmørsstovene AS.

All eigedomsverksemd blir avslutta i 2008.

Verdifullt innbu er plassert på Møre Folkehøgskule, Ørsta.

 

  • Møre hotell (1924-1933) Skaregt. 8
  • Hotell Hospitset – seinare Hotell Noreg (1916-
    Hospitset/Noreg blei bomba og brann 17. mars 1945. Blei bygd opp att på ny tomt. (Kongens gate 27)

Eigarlag: Ungdomslaget Ivar Aasen

Fekk skjenkeløyve til hotellet i 1954, og under trussel av eksklusjon, så melde laget seg ut av Noregs Ungdomslag for ein periode.

Hotellet er seld pr. 2019, men laget har ein tilstøytande bygning, Sorenskriver Bulls gate 4 til lagssal m.m.

Volda                                                            Les meir om - - - -

Viking Kaffistove AS

Starta som eit rørsletiltak, men blei senare drive som eit As med Rasmus K. Fløtre som eineeigar.

(Kjelde: Rasmus Fløtre, Vollane, Lauvstad juli 2018)

Studentskule

Fylkeslaget etablerte ein heilnorsk studentskule i 1910.

Ørsta                                                            

Møre folkehøgskule

Andreas Austlid skipa skolen, men selde den til Sunnmøre fril. Ungdomssamlag i 1908. Skolen er seinare gjort om til ein stiftelse.

Valldal                                                        

Lyngvin Husmorskule, Linge i Valldal

Starta 1918

 

Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Ungdomslag.

Tidlegare: Firda Ungdomslag, Sogn Ungdomslag, Sunnfjord Ungdomslag

«Den Frilynde Ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år» skriv i 1921:

 

Sogndal                                                                 Les meir om - - -

Sognatun

Sogn Ungdomslag. Seinare Sogn og Fjordane ungdomslag.

Høyanger                                                            Les meir om - - -

Kaffistove

Matstova/Kaffistova frå 1930 til 1943

Måløy                                                               Les meir om - - -

Firda kafé

Ungdomshuset Friheim, på folkemunne kalla Turnhallen, som Måløy Idrettslag og Måløy Ungdomslag gjekk saman om å byggje i 1920. Firda kafé var ikkje der.

Kaffistovene i Vik og Marifjøra var private verksemder. Firda og Sygna Herbyrge er ført opp under Bergen

 

    Hordaland med Bergen                                        Leis meir om – – –

 

Hordaland

Det er snautt tvil om at Hordaland – og spesielt Bergen – var «norskdomsreir» nr 1 i den store etablerarperioden frå 1900 og utover århundret.  Det var mange aktørar og sterke ressurspersonar. Vestmannalaget var først ute:

Vestmannalaget

Vestmannalaget, landsdekkjande mållag. Organisasjonen er det eldste mållaget i landet.

Vestmannalaget blei skipa i Bergen 21. januar 1868, etter initiativ frå Henrik Krohn, for å fremje «Nordmannskapen i Landet» og vere til «sann selskapleg Hugnad». Skipingsmøtet valde Krohn til formann. Vestmannalaget fekk med tida nokre lokallag, gav ut tidsskriftet Fraa By og Bygd 1870–79 og sette i verk ei rekkje måltiltak – bibelomsetjingar, manuskriptkonkurransar, støtte til folkehøgskular og restaurering av Håkonshallen i Bergen, som stod klar til nyopning olsok 1898.

Vestmannalaget tok initiativet til den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen i 1914 og til forlaget Norsk Bokreidingslag, som kom i drift i 1939.

Kjelde

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

C B Bugge

Cornelius Berg Bugge, forretningsmann og eigedomsmagnat som satsa alt han tente på å utvikle nynorske forretningstiltak og dermed sikra grunnlaget for både aviser, hotell og teater, men sjølv gjekk han konkurs.

Bugge var fødd i Bergen 27. mai 1865 og døydde same staden 24. desember 1934. Han dreiv kleshandel i Bergen og skipa i 1910 selskapet Norskt Herbyrge, der også Vestmannalaget, Hordalands ungdomslag og Vestlandske maallag hadde nokre aksjar. 

Gjennom dette selskapet var Bugge fødselshjelpar for og sentral investor i mange nynorsktiltak, ikkje minst fleire kaffistover og Hotell Hordaheimen. Viktig var også støtta til avisa Gula Tidend, den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen 1914­–23, tomtekjøp i 1916 til nybygg for Det Norske Teatret i Oslo (ferdig 1985), ein større aksjepost i avisa Sunnhordland i 1918, ny utgåve av Aasens Norsk Ordbog same året og garanti for Fyrebilsbibelen, den nynorske utgåva av Bibelen i 1921. 

Bugge var formann i Vestmannalaget 1908–22. 

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006 

Andre aktørar:

  • Fylkeslaga i Noregs Ungdomslag  i Sogn og Fjordane
  • Ungdomslaget Nordhordlendingen
  • Hordalands/Hordaland Ungdomslag
  • Bondeungdomslaget i Bergen
  • BUL Ervingen
  • Vestlandske mållag

Eit eksempel på omfang og dramatikk kan me finna i boka «Den Frilynde Ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år» – der dei i 1921 skriv om Hordalands Ungdomslag:

«Dei forretningstiltak Hordalands ul. no er med i er:

  • L/L Norskt Herbyrge, Bergen
  • L/L Gula Tidend, Bergen
  • L/L Landsbanken, Bergen
  • L/L Hordaheimen, Bergen
  • L/L Bondeheimen, Voss
  • L/L Folkvang, Stord
  • L/L Sunnhordland, Stord
  • Den norske kunsthandverkskulen, Voss (eineeigar i 1921)»

 

Så kom det store økonomiske krakket, og i 1923 vart fylkeslaget slegen konkurs og miste alle aktiva. Kunsthandverkskulen på Voss gjekk over til staten og fylkeslaget måtte nyskipast med ei lita endring i navnet„ Hordaland Ungdomslag. (utan s)

***

Året 2018 har heller ikkje vore oppløftande for rørsla:

Oppslag i Bergensavisen april 2018:

Men det er godt å sjå at hotellet driv vidare med same profil som før: (Link til Hordaheimen si netside)

Her i Hordaheimen-kvartalet, med adresse Strandgt.77,  heldt den første Skytningsstova i Bergen til frå 1903. I 2018 er heile denne eigedomsmassen seld ut av rørsla.

 

 

Rogaland

Sauda                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova

 

Sauda ul.

Starta i leigd hus i 1915. Eige hus frå 1917. Seld 1936.

Kjelde: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år

Haugesund                                                                 Les meir om - - -

  • Kvalatun (lagshus pr. 2013)
  • Hotell Kong Harald, Haraldsgt. 146
  • Kaffistova, Landmannstorget
    Haraldsgt. 126
  • Kaffistova, Torget.
    Haraldsgt. 161

 

Haugesund Mållag

Haugesund Mållag og ungdomslag (pr. 2013)

Laget hadde lenge store eigarinteresser i Haugesunds Avis

Kopervik                                                               

Kaffistova

Opna juli 1919 av  Mållaget «Karmt»

(skipa den 13/1 1918. Medlem av Rogaland Ungdomslag)

Kjelder:

* Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år

* Rogaland Ungdomslag gjennom 60 år

Stavanger                                                                 Les meir om - - -

  • Siddisstova. I drift pr. 2013
  • Matstova, Ø. Holmegt. 20
  • Kaffistova, Torget 6
  • Kaffistova, Østervåg 25
  • Sommarkafé v Ullandhaugtårnet frå 1906 og frå Mostun ved Mosvatnet frå 1932

 

Lagsbruka til BUL i Stavanger.

Bortsett frå lagshuset Siddisstova, er alle lagsbruk lagt ned/seld pr. 2019.

  1. Bondeheimen
    Kjøpte Ropeid hotell 1915. Kjøpet like etter naboeigedomen
    Ø. Holmegt. 12 - og seinare Nedre Holmegt. 9 , som også blei inreidd til hotell saman med dei to første husa.
    I 1919 ny mat- og kaffistove i kjellarhøgda på hjørna Ø. Holmegt-Volberggt.
    Starten: «Drifta gjekk godt». Men etter ein periode kom vanskane, og verksemda blei avvikla og seld under 2. verdskrigen


    Dampvaskeri



  2. Parkkafeen og kiosk ved Breiavatnet. (1964-1968)

  3. Bondeheimshandelen.
    Nedlagt 1924.


  4. Rygja Tidend L/L

 

  1. Eigar Rogaland Ungdomslag frå 1915
    «Eitt er sikkert); at Bondeheimen i tida både før og etter 1930 var alle Rogaland Ungdomslags styrer sitt uløyselege problem»
    Subsidiert av Kaffistova i Sandnes ein periode på 1930-talet.















  2. Rogaland ungdomslag dreiv parkkafeen ved Breiavatnet nokre år. Ottar Vandvik: «Dei hadde og pølsebu der eg arbeidde. Det var ein gong i perioden 1964-68. Onkel Toralv var formann i Rogaland ungdomslag medan dei dreiv der.»
  3. Kolonial- og feitevarehandel
    Volberggt. 9. (Leverte varer til eigne verksemder)

  4. Etablert 1914. RU overtok i 1916.

 

Kjelde:

  • Ottar Vandvik
  • Den Frilynde Ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år.
  • Rogaland Ungdomslag gjennom 60 år

Sandnes                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova, Langgata

 

Frå 1910 til ut på 1930-talet.

Eigar Rogaland Ungdomslag

«Greidde seg lenger utover i dei tronge tidene, men det vesle overskotet som var, gjekk i Bondeheimen sitt sluk. Etter kvart vart stoda så kritisk at Sandnesstova, som ein kunne få noko for, vart selt for å berga Bondeheimen i Stavanger ei tid til»

Kjelder:

* Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs Ungdomslag i 25 år

* Rogaland Ungdomslag gjennom 60 år

Bryne                                                                 Les meir om - - -

Bryne Gjesteheim og

Bryne matstove

 

 

 

Vest-Agder med Setesdal 

Kristiansand                                                Les meir om lagsbruka i Kristiansand-regionen

  • Bondeheim og Kaffistove,Vestre Strangt. 22

  • Bondeheimen, Kirkegt. 15.

  • Breidablikk, Byglandsfjord

 

Lagsbruka til Vest-Agder Ungdomslag

 

  • Matstova, Kirkegt. 13
  • Gyldenløvesgt. 11
    (I drift pr. 2013. BUL har ein seksjon)

 

 Lagsbruka til Bondeungdomslaget i Kristiansand

 

 

  • Gamlestova (Nå Kirkegt. 15)
  • Kaffistova i Markensgt. 37
  • Gyldenløvesgt. 11
    (I drift pr. 2013. BUL har ein seksjon)
  • LL Christiansands Handelslag
  • Kaffistova, Vennesla

 

 Lagsbruka til Mållaget i Kristiansand

 

Søgne                                                                 Les meir om Kaffistova på Lunde

Kaffistova, Lunde

 

Statsarkivet i Kristiansand: «Kaffistova på Lunde i Søgne ble eid av Søgne Ungdomslag og Søgne Mållag i fellesskap. Den var i drift fra omkring 1920 til 1977».

Oversikt over arkivmateriale på Statsarkivet i Kristiansand

Mandal                                                           Les meir om Bondeheimen i Mandal

Bondeheimen, Store Elvegt. 23 a

 

I 1916 blei arbeidet med å skipe ein Bondeheim i Mandal tatt opp av dei to mållaga i distriktet, Marnar Mållag og Audnedal (Undal) Mållag, no Lindesnes Ungdomslag. Då
hadde dei alt drive Kaffistove i byen nokre år. Ein stor trebygning i Mandal sentrum blei kjøpt inn av eit lutlag som besto av 521 lutar a 50 kroner. Bygget kosta 60.000 kroner
og det blei lånt 50.000 kroner. 27. september 1917 blei L/LBondeheimen i Mandal skipa med ein lutkapital på 26.050 kroner. L/LBondeheimen blei avvikla over tre år, 1998, 1999 og 2000. Økonomisk blei resultatet at dei to mållaga fekk 550.000 kroner kvar i tilskot, før resten av kapitalen blei delt likt mellom luteigarane. I alt blei det ca. 1.3 millionar kroner på kvart av laga.
(Kjelde Terje Dyrnes)


I 2017 er det avisa Lindesnes som held til i hovudbygget, mens «Jonas B. Gundersen»
er ein kjend restaurant i huset ved sida.

Vigeland                                                                 Les meir om Stova på Vigeland

Kaffistova

Stovekiosken

 

Audnedal Mållag, som seinare skifta namn til Lindesnes Ungdomslag, dreiv denne verksemda.

Lyngdal                                                                 Les meir om Bondeheimen i Lyngdal

Bondeheimen

 

Det var Vest-Agder mållag som dreiv denne verksemda sentralt i Alléen i Lyngdal sentrum. Drifta blei avvikla tidleg i 1960-åra, og bygningen blei riven - truleg p.g.a. ei omregulering.

Flekkefjord                                                                 Les meir om Bondeheimen i Flekkefjord

Bondeheimen, Elvegt. 9

Kaffistova, Elvegt. 9

 

Eineeigar: Mållaget i Flekkefjord - seinare Flekkefjord Ungdomslag og Mållag.

Lagsbruksfondet gjekk inn med ny kapital midt på 1990-talet.

Farsund                                                                 Les meir om Bondeheimen i Farsund

Bondeheimen, Kirkegt. 3

Kaffistova, Kirkegt. 3

 

Historisk materiale om dette lagsbruket er lagra på museet i Vanse. (2008). AS frå 1920. Lyngdal Mållag var hovudeigar.
Frå boka «Norske ungdomstiltak» (1935): 15 hotellrom, og kaffistove i 1. etg.

Byglandsfjord                                                               

 

Breidablikk Turistheim

Vest-Agder Ungdomslag – saman med andre mål- og ungdomsorganisasjonar i rørsla – teikna aksjar og kjøpte dette hotellet i 1957. Anlegget kravde store investeringar. Drifta gjekk bare så måteleg og hotellet blei seld i 1967 etter 8 års drift i rørsla sin regi. Stort sett fekk parteigarane att dei pengane dei hadde lagt ut.
(Kjelde: Vest-Agder Ungdomslag 1893-1968).

Marnardal st.                                                       

  • Marnar Folkehøgskule Høgtun. Øyslebø.
  • Forsøk på å skipa Kaffistove på Marnardal st.

 

 

 

                     Artikkel frå 2006 om lagsbruka i Vest-Agder

I Arkivverket.no finn eg sak frå Åseral om «Austrud pensjonat. Kaffistova. Loslandshytta.» Dette er nok ei privat verksemd.

Aust-Agder (utanom Setesdal)

Arendal                                                                   Les meir om lagsbruka i Arendal

Kaffistova/Torvkafeen

 

Laga kjøpte Torvkafeen (ikkje garden) og bygde den om til Kaffistove. Der var det kaffistovedrift frå 1924 til 1963.

(«Harald Reiersens hus på Torget»)

I lagsbrukskart frå 1950-åra står det om dette bruket i Havnegata, men ikkje med same gatenr. som i 2013. Det er også omtala i boka Norske Ungdomstiltak frå 1935.

Kaffistove og Bondeheim

Adresse 2013: Torvet 1a

 

Bondeheim frå 1934 til 1982 («Fru Uglands hus»)

Eigedomen seld i 1982.

Dokumentert med bilete i Digitalt Museum 2013

Bondeheimen

Adresse 2013: Torggata 5

 

Eigedomen kjøpt i 1959.

Utleige av forretningslokaler + lagslokaler.

Kaffistova og Bondeheim frå 1982 til 1986

Ombygging og tilbygg ferdig 1982. Seld i 1986.

Lagshus i Vestregate 21

Kjøpt i 1989. Seld i 2013/2014.

Grimstad                                                                 Les meir om - - -

Bondeheimen, Juskestredet 4

Eigar Landvik mållag. 1920-1976

Kristen Stalleland (som la grunnen for Norsk Barneblad i 1887) var sentral i oppstarten - også finansielt.

Kjelde: Landvik Mållag - ein kulturberar. 1899-1999.

Nasjonalbiblioteket. Knut Lunde

 

Det har vore nemnt at det fanst ei «Grillstova Birkeland», Men den finst ikkje omtalt i soga til Birkenes Ul.

 

Telemark

Seljord Hotell

Den 7. oktober 1949 står det å lesa i Telemark Arbeiderblad: «Vil Mållaget Dag kjøpe Seljord Hotell?»  Og vidare – frå Porsgrunn Dagblad 16. des. same år: «Seljord Hotell er solgt til - - -  etter at Telemark Mållag har oppgitt sine planer for kjøp.»

 

Porsgrunn                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova Heimen, Storgt. 117

 

Eigarlag Norskdomslaget i Porsgrunn.

Gevinst frå salget brukt til eige lagshus som er i drift pr. 2018.

Skien                                                                  Les meir om Dag Bondeheim

Dag Bondeheim, Prinsessegt. 7

Dag Kaffistove, Prinsessegt. 7

 

Mållaget Dag i Skien kjøpte Bragegarden i 1915 og starta forretningsverksemd der - kaffistove i 1916 og hotell i 1927.

 

Notodden                                                                 Les meir om - - -

Bondeheimen

Telestova

 

   Lunde                                                                 

         Les meir om - - - - -

 

    

Kragerø                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova og Bondeheimen

 

Dette har - etter alt å døma - vore ei privateigd bedrift - truleg sagbruk/treindustri-verksemda Fossing Bruk, som bygde Bondeheim og Kaffistove med stall for å hjelpa bøndene som kom til byen for å levera tømmer. Verksemda hadde ikkje skjenking av alkohol - etter som rus var eit stort problem for bygdefolk på bytur.

Dette siste gjer tiltaket noko meir interessant i denne samanhengen - etter som det kan ha vore bygd på noko av same idéen som rørsle-verksemdene.

Rjukan                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova Måna, Sam. Eydesgt. 57.

Norge rundt : Aftenpostens turist- og reisehåndbok 1967

 

__________________________

 

Kaffistova Folkvang (privat)

(Dagbladet 1916)

BUL Måna  (Lokallag i Noregs Ungdomslag)

Arkivet til BUL Måna og Kaffistova er å finna på Norsk industriarbeidermuseum på Gamle Vemork kraftstasjon på Rjukan.

_______________________________________

Ein privat kafé med namnet Kaffistova Folkvang var i drift alt i 1912, då BUL Maana blei skipa.

Dalen                                                         

Bondeheimen

Arkivverket.no (1943-1948)

 

Ungdomsherberger i Telemark

Kjelde: Tormod Myrjord og Knut Olsen

Huset til Fjell-Ljom UH

 

  • Tinn: Fjell-Ljom UH. . Mellom Hovin og Tinn Austbygd. Tilhørte Ul Fjell-Ljom (Telemark Ungdomslag hadde Leikleiarkurs der i febr 1974) Senere bygd om til bolig, men adressen/navnet Fjelljom er beholdt.
  • Gvarv: Herberge tidligere eid av Nes Frilyndte Ungdomslag, solgt til Aslak Gunheim (som også er styremedlem i laget nå)
  • Notodden       Herberge tidligere eid av Norskdomslaget på Notodden. Ola Tveiten vet trolig noe om dette. (Er dette identisk med Teletunet, så benyttet Telemark Ul dette til kurs og møter fram til 1980)
  • Høydalsmo: Høydalsmo UH. Nær krysset til Eidsborg, Dalen
  • Dalen: Både Ungdomsherberge og Ungdomshus (Elvarheim)

 

 

 

Buskerud

Drammen                                                                 Les meir om - - -

  1. Bragernes Kaffistove. Opna 1914 i leigd lokale i Bøhms forretningsgard på Torget.
  2. Engene 4. Kjøpt 1918. Selskapet avvikla i 1988.

 

 

 

Strømsø Kaffistova og Bondeheim, Konnerudgaten 2A

(Eigar: Vestfold Ungdomsfylking)

BUL Drammen, Drammen Mållag, Buskerud Mållag

Drammen og Eiker Mållag og Drammens frisinnede ungdomsforening.  

Soga_om_Kaffistova_Bondeheimen_side_01_41

Soga_om_Kaffistova_Bondeheimen_side_42_76

Seljarar i 1988:

- BuskMål AS

- Drammen og Eiker Mållag AL

- BUL Invest As

Vestfold Ungdomsforbund/Vestfold Ungdomsfylking hadde også Kaffistove i Drammen ei tid. (Strømsø)

   Åmot                                                                 Les meir om - - -

      Kaffistova

Eigar: Modum mållag

«Den 17. mai» 1919:  

 

Ål                                                         

  • Dølaheimen kafeteria
    I Tingstugu på Sundre
    .
    (1932 til 1944)
  • Nytt forsøk i Ål Samvirkelag.
    (Frå 1958 til 1968).

Eigar: Hallingdal Ungdomslag

Andre lagsbruk

* Busk-Mål AS

* Husfliden, Gol

Kjelder:

Geilo           

  • Dølaheimen kafeteria/ Kaffistove.
    Ein periode på 1920-talet.
  • Ny Kaffistove/«Dølaheim»
    frå 1952 til 1968

Kongsberg                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova etablert 1924

Utvida med Bondeheim i 1927

Kjøpte Viktoria hotell og dreiv som Bondeheim.

Eigarar: (3 like deler)

1. Buskerud (Heimtun) høgskulelag

2. Bondeungdomslaget i Kongsberg

3. Numedal fylkeslag

Kjelder:

- Numedal fylkeslag 25 år.

- Soga til BUL Kongsberg

 

 

Oppland

  • Fylkeslaget Oppland.
    Gjorde opptakta til Vestoppland Folkehøgskule på Brandbu og Kaffistova på Gjøvik.
  • Valdres Ungdomslag. Husflid. Ingen andre lagsbruk
  • Gudbrandsdal Ungdomslag. Dølaheimen, Lillehammer

 

Gjøvik                                                                 Les meir om Kaffistova på Gjøvik her

 

Kaffistova, Ø. Torgt.9, Gjøvik

Oppland Arbeiderblad 6. august 2013: «Kaffistova er Gjøviks eldste spisested og ble opprettet i 1910. De første årene holdt spisestedet til i Strandgata 28, før det ble flyttet til Ramstadgården i Øvre Torggate 9».

Fylkeslaget Oppland eig aksjar i garden pr. 2013, men kaféen har hatt private drivarar i nyare tid.

Lillehammer                                                                 Les meir om - - -

 

Dølaheimen

Fåberg Kaffistove (privat)

Gudbrandsdal Ungdomslag kjøpte Kaffestugu «Dølaheimen» i 1916.

Konkurs sist på 1990-talet etter kjøp av Breiseth hotell i samband med vinterolympiaden på Lillehammer i 1994.

Brandbu

Vestoppland Folkehøgskule

Bondeheimen

Skipa av fylkeslaget

Arkivportalen.no   (Var denne i rørsla)?

Ole Gunnar Monsen: «Dette veit eg ingen ting om, men vil gjette på at det var ein nazivariant som var i drift under krigen, ettersom materialet om den er klausulert. Kanskje starta nazistane fleire slike rundt i landet? Kan kontakte Helge Stenersen, som veit alt om kva som har skjedd i Brandbu gjennom åra. Han har gjeve ut Brandbustikka, eit historisk tidsskrift, i ei årrekke. Kanskje står det om Bondeheimen i Brandbu der.»

Fagernes

 
Husfliden   Valdres Ul starta denne. Ingen andre lagsbruk i Valdres

 

Hedmark

Fylkeslaget Breidablikk - Seinare Østerdal Ungdomslag

Fylkeslaget Varden

Røros                                                                  Les meir om - - -

 

Kaffestuggu

Røros høyrer ikkje til Hedmark, men det var folk frå Tynset som etablerte stova.

Frå nettsida til Kaffestuggu 2013 kan me lesa:

«Kaffestuggu er Røros eldste kafé og skriver sin historie tilbake til året 1914. Da kom representanter fra Tynset Mållag og Ungdomsforbundet Breidablikk, alle fra Tynset, til Bergstaden for å finne lokaler de kunne leie til en kaffestuggu. Kaffestuggu ble høytydelig åpnet og innviet i januar 1915. I 1920 kjøpte Bergstadens Vel ut Mållagets halvdel og 1924 overtok de også Breidablikks halvdel.»

Rørosheimen og Kaffistove

Rauveta 1,7374 Røros

 

Trønderheimen LL i Trondheim m. fl. hadde eit kortvarig engasjement i leigde lokaler på 1970-talet.

 

Trysil                                                                 Les meir om - - -

Kaffistove i Innbygda

Har du opplysningar om denne stova?

 

Tynset                                                                 Les meir om - - -

Tynset Kaffestue /

Oplandske kaffestuer AS


Østerdal ungdomslag 1893-1968 : 75 år : historisk attersyn
    (1971)

Alvdal                                                                 Les meir om - - -

Alvdal Kaffestugu

 

I drift 1950-1968

 

Kongsvinger                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova, Glommensgt. 42

 

(Fylkeslaget Varden 50 år.)

Kirkenær                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova

 

1920-åra. Eigar Grue Mållag, seinare Grue Bondeungdomslag. (Fylkeslaget Varden 50 år.)

Hamar                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova

Bondeheimen,

Vangsvn. 33

 

Sogehefte (25-årsskrift 1922-1947) om dette bruket.

Elverum                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova

 

Eidsvold                                                         

Kaffistove

Initiativ i 1924. Gullverket ul. Varden.

«Dette blei ikkje realisert».

Kjelde: (Fylkeslaget Varden 50 år.)

Digitalt museum/Akershusbasen finn me likevel foto av ein forretningsgard på Eidsvoll der det er ei «Kaffistove». Den kan ha vore i privat drift.

 

Vestfold

Sandefjord                                                                 Les meir om - - -

Sandefjord og Sandar Mållag. Eige sogeskrift.

Annonse «Den 17. mai» 1921:

Dette var ein privat kafé, men profilerte seg likevel med «kaffistovemat».

 

Sandefjord og Sandar Mållag. Eige sogeskrift.
Starta i 1914. Lagt ned i 1968. Rådhusgata 9.

http://slektsdata.no/kaffistova.htm

 

Tale ved 100-årsjubileet

Telemarkskilder

Larvik                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova, Storgt. 24

 

Står omtala i sogeheftet til Sandefjord og Sandar Mållag. Etablert i 1926 saman med Larvik og Brunla Norskdomslag. Lagt ned i 1972.

Om huset: Lokalhistoriewiki

Horten                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova, Storgt. 23

Kafé «Fylkingen»

Kjelde: «Vestfold ungdomsfylking
 ved 75 års jubileet»

Starta i 1925. Slutt i slutten av 1960-åra. (Sandefjord og Sandar Mållag saman med Horten Mållag)

Gjengangeren 29. nov. 2019. Historisk oversikt

Tønsberg                                                                 Les meir om - - -

Kaffistova I

Kaffistova II

 

Eigar er Vestfold Ungdomsfylking, og dei er då medlem av NU.

NOTAT:

Samanlikning av den frilyndte ungdomslagsrørsla i Vestfold og Telemark

Noregs Mållag 2008:

«Sandefjord og Sandar Mållag har levert arkivet for perioden 1907 til 2004 til Fylkesarkivet for Vestfold. Fylkesarkivet fekk og arkiva etter kaffistovene i Sandefjord og Larvik, Norskdomslaget i Tunsberg, Ungdomslaget Frilynt og Norskdomslaget for born».

Vestfold Ungdomsfylking (Kjelde Vestfoldarkivet. Arkivmateriale: 4 hyllemeter)
Historikk:

I mange av bygdene i Vestfold var det ungdomslag. Fra Hof ungdomslag sendte man ut et opprop til de andre ungdomslagene i i fylket om å velge utsendinger til et møte som skulle holdes i Tønsberg. Vestfold Ungdomsfylking ble stiftet den 6.mars 1904.
Det var ungdomslag i Andebu, Botne, Brunlanes, Styrvoll, Våle og ungdomslaget Frihug i Vassås. Fylkingen meldte seg aldri inn i Noregs Ungdomslag. Grunnen var ulikt syn på språkutviklinga. Fylkingen var med på å stifte organisasjonen Østlandsk reisning i 1916.

 

Kaffistovene
En del ungdomsorganisasjoner hadde startet sine egne forretninger som kaffistover og bondeheimer, og overskuddet skulle gå til kulturelt arbeide.
Den 19. juni 1927 holdt V.U.F. ekstraordinært formannsmøte i Skoger Sparebanks gård for å avgjøre spørsmålet om kjøp av Strømsø Kaffistove. Det ble besluttet å kjøpe stova, sammen med Buskerud Høyskolelag, således at V.U.F. overtok 2/3 og Buskerud Høyskolelag 1/3 av kjøpet.

Kjelde: Vestfold Ungdomsfylking 1904-1954

http://www.gjengangeren.no/nyheter/vestfold-ungdomsfylking-er-100-ar-1.474011 :

«Vestfold Ungdomsfylking feirer 100-årsjubileum på Vonheim i Kodal 6. mars 2004. Her presenteres en nyskrevet jubileumsberetning og her skal framføres revyen «VUF i 100» for nærmere 150 gjester. Forestillingen som foregår på ei «Kaffistove» gir noen tilbakeblikk fra de gode, gamle dager og fram til i dag. Øyvin Hansen, Arne Hansen og Espen Lian, alle fra Andebu UL, er tekstforfattere.
En komite bestående av Marit Solberg, Høyjord UL og Helge Fegstad, Nykirke UL, samt tre tidligere sekretærer i VUF, Arne Limkjær, Svein Hansen, Eli Nyhus Leinæs og nåværende sekretær Ragnhild Solheim, står bak 100 års jubileumsberetningen som skal presenteres på festen.
Vestfold Ungdomsfylking har gjennom 100 år vært en viktig kulturfaktor i fylket.»

Om Østlandsk reising og forholdet til NU

Asbjørn Langeland skriv her på Språkrådet si side bl. a.: «F.eks. drev Vestfold Ungdomsforbund kaffistover i Tønsberg, Holmestrand og Drammen, men Østlandsk ungdomsfylking hadde ikke den slags inntekter.»

 

Holmestrand                                                                    les meir om - - - -

1. Kaffestova til

Vestfold Ungdomsfylking. (VUF)

(Etablert etter 1923 - truleg «i lokala til den gamle Kaffistova»)

-------------------------------------------

2. Fru Stendals Kaffistove

-------------------------------------------

Begge stovene avvikla på 1970-talet

Dagbladet 1915

Annonse 1919

Dette kan ha vore eit mållagstiltak. Fylkesmållaget den gongen heitte Vestfoldlaget

 

 

 

Østfold

Sarpsborg                                                                 Les meir om - - -

Matstova,

St. Mariegt. 121

 

Eigedomsdrift pr. 2018

 

Oslo

Bondeungdomslaget i Oslo/Bøndenes Hus                   les meir om BUL-bruka    

  1. Bondeheimen
  2. Kaffistova
  3. Noregs Boklag


  4. Heimen Husflid, Rosenkrantzgt. 8
  5. Kaffistova, Olaf Ryes plass 8
  6. Kaffistova, Karl Johansgt. 13

  7. Parkstova, Kr. Aug. gt. 14
  8. Grensekafeen, Grensen 10
  9. Kaffistova, Storgt. 28 ( I ein fellesannonse frå 1960-talet)

 

  1. Bøndenes Hus Rosenkrantsgt. 8 bygd i 1913
  2. Fleire «generasjonar» i 1. og 2. etg.
  3. Bokhandel og forlag. NU prøvde å føra forlaget vidare på 1980-talet, men lukkast ikkje. Det norske samlaget overtok namnet.
  4. 2. etg. over Svaneapoteket.
    I drift til ut på 1980-talet.
  5. Parkstova i drift til sist på 1970-talet
  6. Der P-hotels driv i 2013
  7. Lokalhistoriewiki : Kaffistove i Storgata 28

 

Komplett historisk oversikt 1901-1996:

Forretningsdrifta i kortversjon ved Bodil Røyset

Fotosamling frå BUL si forretningsverksemd på Instagram


Bygdelagssamskipnaden ( BLS ), Oslo                                          Les meir om - - -

  • Kaffistova, Nordahl Brunsgt. 22 frå 1928 til - - (ca 1970)?
  • Heim for landsungdom, Nordahl Brunsgt. 22 frå 1928.

 

Olav Thon-gruppen overtok drifta av garden i 2012.

  Valdreslaget
 

Det vart òg sett av middel til huskjøp i eigne fond i einskilde  BLS-lag. Valdreslaget hadde meir enn 20 000 kroner til rådvelde i fond, men dreiv òg eiga verksemd.

(Gunnvald Grønvik: Laget hadde framleis eigarinteresse i Grensekaféen midt på 1980-talet).

Sunnmøringen, Oslo: Gildevangen, «Sankten» og Sentralkafeen.                  


  1. Gildevangen.
    Kafé og delikatesseforretning,
    St. Olavs plass 1 (Frå 1940-




  2. «Sankten»
    St. Olavs plass 3 (frå 1943-

  3. Sentralkafeen i Storgata 12 (Leige frå 1944. Kjøp i 1946.

  4. Planar om ein Sunnmørsheim i Oslo. Ikkje realisert.

 

Eigarlag Sunnmøringen

  1. Dette er adressa til Scandic hotel og Edderkoppen teater i 2013. Bergljot Engeset: «Gildevangen flytta til Pilestredet i 1960».
    Vebjørn Bakken: «I ei årsmelding for Sunnmøringen for 1974 les eg at etter fleire år med økonomiske vanskar vart kafeen stengt i juni 1974».

  2. Denne står også oppført under lagsbruka til BUL

  3. Denne står også oppført under lagsbruka til BUL

  4. Bergljot Engeset: «Sunnmøringar hadde arbeidd i over 20 år med å samla inn pengar til det dei vona skulle bli ein Sunnmørsheim».

 

 

Kjelder:
* Sunnmøringen i Oslo 1917-1952. Nasjonalbiblioteket.
* Oslo fylkeslag 1923-1953

 

Nasjonale tiltak

                         

Dag og Tid

Allkunne.no i 2013: «Den politiske motviljen mot avistiltaket var særleg stor i Bondeungdomslaget i Oslo. Dermed fekk ikkje Dag og Tid den økonomiske støtta frå kaffistovene og andre lagsbruk som tidlegare bladtiltak hadde vore heilt avhengige av.»

(Ivar Eskeland og «Kaffistoveadelen»)

Norsk Tidend/Nynorsk Dagblad

Arkivverket.no:  Nynorsk Dagblad. Tidsrom: 1934 - 2003

Historikk

«Lutlaget Nynorsk Dagblad ble konstituert 8. desember 1934 for å starte opp utgivelse av et nynorsk dagblad i Oslo, som fra september 1935 fikk navnet Norsk Tidend. Økonomiske problemer tvang fra 1962 frem et samarbeid om avisdrifta med andre organisasjoner og bedrifter fra målbevegelsen. Fra 1976 ble driften av Norsk Tidend satt bort til L/L Nynorsk Bladdrift, hvor Nynorsk Dagblad bare hadde 20% av aksjene, mens Kringkastingsringen hadde 60% og Dag og Tid de resterende 20%. Suksessivt kvittet Nynorsk Dagblad seg med eierandelene, og i 1996 var Norsk Tidend et rent medlemsblad for Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Norsk Målungdom. Selskapet ble avviklet i 2003, og retten til å bruke navnet Norsk Tidend ble overført til Noregs Mållag.»

   Norsk skjemaforlag     

17.12.1949 melder Norsk Tidend at Norsk Skjemaforlag LL er skipa i Bergen med hovudføremål å gi ut skjema på nynorsk. Bak tiltaket står 78 kommunar saman med fleire organisasjonar og enkeltpersonar. Bernh. Rønhovde har vore leiar i arbeidsnemnda som kom i gang hausten 1947.

Kjelde: Allkunne.no

 


Lagsbruk i NU-regi.

Det var - i all hovudsak - lokallag og fylkeslag som engasjerte seg i forretningsdrift.

I 1960 gjorde NU eit forsøk på å samla kapital til eit lagsbruk. Dette lukkast ikkje.

Det kan vera at dette var forløparen til at NU gjekk inn med 1/3 av AS-kapitalen i selskapet Viking Kaffistove AS i Volda i 1964 (sjå denne)

 

 

 

Forsikring:

  • Norsk Trygdeagentur L/L
  • Forsikringsselskapet  Andvake

 

Føremål: Bruk av nynorsk i trygdebransjen og å tena pengar.

Ottar Grepstad: «Livsforsikringsselskapet Andvake blir skipa i 1907 og får mykje å seie for nynorsk som eit godt forretningsspråk. Selskapet blir skipa på ny i 1917 med ein aksjekapital på 300 000 kroner. »

Status 2013: Selskapet har gått inn i Gjensidige forsikring.

Bank:

  • Landsbanken (1914-1923) Konkurs.
  • Vestlandsbanken (1926-1987)
  • Oslo Nye Sparebank (1921-1975.
    (samanslåinga m. Vestlandsbanken))

 

 

(Statsarkivet i Bergen har arkivet til Landsbanken og Vestlandsbanken)

Oslo Nye Sparebank

Arbeiderbladet 1974

Fokus banks historie 1859-1987: – om året 1974 –

 

 

Landsbanken

Annonse for Landsbanken frå 1914.

(Frå sogeheftet:Norigs Maallag 1906-1914) (trykt 1915)

 

Vestlandsbanken

Kåre Kolås:

«Frå 1914 sette Vestmannalaget i gang eit arbeid for å få til ein nynorskbank i Bergen; det som vart Landsbanken. Under bankkrisa i 1923 måtte dei gi opp. Vestlandsbanken som vart starta i 1926, tok då over restane og førte vidare det arbeidet som Landsbanken hadde tent til inspirasjon for».

BUL, Bergen skaut inn kapital til etablering av Vestlandsbanken.

 

Kåre Kolas: Tale til Representantskapsmøte i Vestlandsbanken 1987

 

Noregs Boklag

 

Då BUL ga opp drifta av forlaget sist i 1970-åra ville styret i NU prøva å driva vidare. Jan Kløvstad blei tilsett som dagleg leiar. Det mislukkast, og forlaget Det norske samlaget overtok både Boklaget og forlagssjefen. Samlaget fekk dermed rettane til forfattarar som t.d. Jan Magnus Bruheim og Olav H. Hauge - og sa seg godt tilfreds med det.

 

Plateselskapet

«På norsk»

 

BUL i Oslo, NU med fleire etablerte plateselskap 1982. Ola E. Bø var tilsett som dagleg leiar. Sjå meir på Alkunne

 

 

Tilbake til hovudsida