Lagsbruk

Det Norske Teatret

Slik harselerte ein i pressa med Det Norske Teatret sine ambisjonar om å bli sidestilt med Nationaltheatret.

Det største lagsbruket

Teatret har i dag ei strålande leiargruppe og andre tilsette, men det bør koma betre fram at det også er ein formidabel innsats frå rørsla som gjer at teatret i 2017 kunne skilta med besøkstal på 265 483. (Til samanlikning hadde Nationaltheatret same året 224 142 besøkande)

 

Starten:

L/L Det Norske Teatret vart skipa 22. november 1912 av private luteigarar og er i dag det einaste av dei større teatra i Noreg som er i privat eige. Ihuga målfolk frå heile landet hadde teikna seg for luter à kr 15. Til skipingsmøtet hadde det kome inn kr 11.675. Det Norske Teatret hadde si opningsframsyning i Kristiania 6. oktober 1913, i teatersalen i Bøndenes Hus, etter eit år som reint turnéteater. Dei første tiåra heldt teatret til i Teatersalen, i 1930-åra var det tre sesongar i lokala til Centralteatret, under krigen på St. Olavs plass og frå 1945 til 1985 i Stortingsgata 16. Planane om å byggje eit eige hus hadde vore ei prioritert oppgåve i 72 år då teatret i 1985 kunne innvie nybygget i Kristian 4.s gate, som hyser teatret i dag. (Alfred Fidjestøl i allkunne.no)

Bondeungdomslaget i Oslo gjorde det muleg å etablera eit

fast nynorskteater her i Teatersalen i Rosenkrantsgt. 8.

Driftsstønad:

Kåre Kolås: "Etter eit stort underskot for teatret i 1949 kom det spørsmål om tilskot frå lagsbruka, og utan at eg kan seie det nøyaktig, trur eg at det i alt vart betalt inn 50 000 kroner"

(Her er det nok ein god del meir stoff å henta.)

Bygging:

Pengane frå kaffistovene var viktige då det skulle kjøpast tomt til Det Norske Teatret i 1916. I 50-årsskriftet til Bondeungdomslaget i Bergen frå 1959, ført i pennen av Ivar Eskeland, heiter det:

"Den 8. juni 1916 drøfta styret eit brev frå Det Norske Teatret, som hadde fått på hand eigedomane Rosenkrantsgt. 9A og 9B og Kristian IV` gt. 4 i Oslo. Men teaterstyret visste ikkje rykande råd med å skaffa dei 100.000 kronene som det var krav om kontant. Etter framlegg frå C.B. Bugge vart det vedteke samrøystes (og utan altfor mange ord) at Kaffistova saman med Norskt Herbyrge skulle kjøpa desse eigedomane for teatret. Greitt og einfelt 100.000 på bordet. Kaffistova lånte, Herbyrget kausjonerte. Desse pengane er grunnlaget for byggeplanane, og tomtene ga teatret gode leigeinntekter fram til bygginga tok til". (100 000 kroner i 1916 svarer til meir enn 4 mill. i 2017-kroner.)

Tomta til teatret er her merka med 209/169. Bøndenes hus med Teatersalen har nr. 207/200.

Meir historie om teatret.

Vedtekter

Utfordringar i vidare arbeid:

  • Dokumentasjon av bidrag frå BUL i form av subsidiert husleige for Teatersalen. I vedtektene for Rosenkrantsgt. 8 sto det (1969): «Leiga skal vera so låg som økonomien gjev høve til».
  • Oversikt over innskot frå lagsbruk til finansiering av drift og investering.

Kommentar:

Forfattaren av 100-årsskriftet i 2013, Alfred Fidjestøl fortel at boka Trass alt – Det Norske Teatret 1913–2013 ikkje har med noko utfyllande om kven som finansierte teatret. Han skriv likevel at Bygdeungdomslaget i Bergen ga stønad til kjøp av tomt. Dette er feil. Pengane kom bl. a. frå forretningane til Bondeungdomslaget i Bergen (BUL), Norskt Herbyrge og private garantistar. ("Bygdeungdomslag" er ungdomsorganisasjonen til Norges Bondelag, mens «Bondeungdomslag» er eit lokallag i Noregs Ungdomslag/Noregs Mållag –oftast eit bylag.)

 

  

 

Kronologien:

Kjelder:

Det Norske Teatret dei fyrste femogtjuge åra. Hussaka

• Starta i 1912 med å samla inn ein aksjekapital stor kr. 25 000 (Merknad: Tilsvarer 1,5 mill i 2018-kroner) + private garantistar. Garborg, Steinsvik og Sletten (NU/NM) m. fl. Skipingsmøte 22. nov. 1912.

• BUL, Oslo hadde ferdig «den romslege amatørscenen» i den nybygde festsalen til opningsforestilling for teatret den 6. oktober 2013.

• Alt i november 1913 gjorde styret vedtak om å be inn til eit møte det husspørsmålet skulle drøftast. Vedtok å søka Finansdepartementet om å få utvida det statlege pengelotteriet så mykje at det kunne gi eit tilskot på kr. 300 000 til å bygga hus for. Løyvinga blei vedteken av Stortingent i juli 1916.

• I 1914 gjorde styret vedtak om å auka aksjekapitalen til 150 000, men prosessen skulle utsettast til den kommunale husleigenemnda hadde gjeve løyve til å bygga nytt teaterbygg. Dette løyvet kom ikkje før i 1920.

• 1916: Det første tomtekjøpet, Rosenkrantsgt. 9 og 9B og Kristian VI gt. 4 i juni 1916 blei finansiert av lagsbruks-miljøet i Bergen)

• 1918: Stortinget løyvde 500 000 frå overskotet til det statlege pengelotteriet og styret vedtok å starta byggearbeidet. Men den kommunale Husleigenemnda nekta byggeløyve. Etter anke blei byggeløyve likevel gitt i 1920.

• 1919: Uvissa om kommunal godkjenning av byggeplanane gjorde at styret drøfta flytting til Bergen med norskdomsmiljøet der. Lagsbruka i vestlandshovudstaden sikra seg då tomta Nygårdsgt. 10 for kr. 195 000 (4,4 mill. i 2018-kroner). Dette fall likevel bort då ankenemnda i Oslo året etter fann at «luksusbygget» til Det Norske Teatret likevel må få sleppa til.

• 1924 kjøpte Torggt. 9 (Fahlstrøms teater/Eldorado scene) for 920 000 . (Her hadde Norges første revy «Tutti Frutti» premiere i 1893). Seld til Oslo kommune våren 1928 for 1,1 mill.

• 1929: Teatret fekk ei tomt på hand i Tivoliområdet (Klingenberg). Makta ikkje å få samarbeidspartnarar for å bygga.

• 1930-talet: Drøftingar om samarbeid med Folketeateret om felles bygg (tildleg 1930-talet) . Både språkpolitiske og tekniske vanskar med felles bygg og drift.

• 1930: kjøpt «Blunck-tomtene» i Kr. VI gt. «for å auka dei gamle areala sine i dette kvartalet». Det ser ut til at ein nå har sikra seg Kristian IV’s gate 4–10. Dagens adresse er Kristian IV’s gate 8.

• 1931: Byggeplanane sto framleis i stampe på grunn av reguleringsplanar for den nykjøpte «Blunck-tomta» i Kr. 4. gt. Same året tok styret i mot tilbod om å få leiga Centralteatret som speleplass. Husbyttet førte til ny vokster for teatret, men alt hausten 1934 blir leigekontrakta der sagt opp, og teatret er tilbake i teatersalen i Bøndernes hus.

• 1937 tingingar om å få kjøpa bygningen til Det Nye Teater (Rosenkrantsgt. 10) for 1,1 mill. Avslag.

Oslo byleksikon:

https://oslobyleksikon.no/index.php?title=Fahlstrøms_Theater (Eldorado Storgt)
https://oslobyleksikon.no/index.php?title=Eldorado

https://oslobyleksikon.no/index.php?title=Centralteatret


▪ Det Norske Teatret har hatt tilhold i Bøndernes hus i Rosenkrantz’ gate 1913–31 og 1934–41,
▪ Centralteatret i Akersgata 1931–34,
▪ Det senere Edderkoppen og ABC-teatret på St. Olavs plass 1941–45. (Dalgard: 1938–1945) Okkupasjonsmyndighetene tiltvang seg ledelsen av teateret 1942–1945 og ble møtt med boikott fra publikum.
▪ – og i det tidligere Casino Teater i Stortingsgt. 16 i perioden 1945–85.
▪ I 1985, med åpningen av den moderne teaterbygningen i Kristian IV’s gate 4–10, fikk Det Norske Teatret sitt eget teater.

 


– og som om ikkje alt dette var nok, så har Oskar Bråten i 1938 lista opp desse forsøka på å søka husløysingar i hovudstaden:
▪ 1924 kjøpte Torggt. 9 (Fahlstrøms teater – (Eldorado scene) for 920 000 . Seld til Oslo kommune våren 1928 for 1,1 mill.
▪ 1929: Teatret fekk ei tomt på hand i Tivoliområdet (Klingenberg). Makta ikkje å få samarbeidspartnarar for å bygga.
▪ Drøftingar om samarbeid med Folketeateret om felles bygg (tildleg 1930-talet) Både språkpolitiske og tekniske vanskar med felles bygg og drift.
▪ 1937 tingingar om å få kjøpa bygningen til Det Nye Teater (Rosenkrantsgt. 10) for 1,1 mill. Avslag.

 

 

Tilbake til hovudsida